Glopen

Illustrasjon frå «Glopen»

I Ulstein har ein vegnamnet Glopen. Vegnamnet kjem frå liten dal, eit søkk som no er delvis borte på grunn av utbyggingar, mellom anna av vegen som har fått namnet Glopen.

Gloppen er i dag namn på ein kommune i Nordfjord. Det vert sagt at kommunenamnet skriv seg frå den gammalnorske forma Gloppi, som tidlegare var eit namn på Gloppefjorden. Ein meiner at namnet truleg heng saman med ei gloppe som tyder hole, bergkløft, smal opning.

Kommunenamnet vert uttala med kort o, medan Glopen i Ulstein blir uttala med lang o og er hankjønnsord. Går vi langt nok tilbake, har nok både glop og gloppe felles opphav i ordet gap i tydinga hol, opning.

Når det gjeld Glopen i Ulstein, så knyter Peter Hallaråker, i Offisielle stadnamn i Møre og Romsdal, namnet Glopen til eit glop (hol, gap, opning) og ei gloppe, slik som ved kommunenamnet. Han seier elles at namnet ser ut til å vere bøygd som eit hankjønnsord og ikkje som eit hokjønns- eller eit inkjekjønnsord som ein kunne vente.

Ivar Aasen seier at hankjønnsordet glop tyder svelg, sluk. Det er nok dette ordet vi finn at i dagens vegnamn. Glop heng venteleg saman med verbet å glupe, som tyder sluke, sveigje, gløype. Verbet blir bøygt slik: å glupe, glyp, glaup, har glope. Det er den sistnemnde forma som er utgangspunkt for glop-namnet.

Vi finn same namnet også andre stader i Ulstein – på Ytre-Flø på Eljasgarden og Olagarden. Glopen vert også der brukt om ein stad som vatnet samlar seg og forsvinn ned i grunnen.