Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Tida flyg

Tida flyg - omslag

Bli med på ein historisk flytur over Sunnmøre. På denne ferda vil du få sjå korleis denne landsdelen tok seg ut frå lufta tidlegare.

Frå si store samling med eldre flyfoto har forfattaren Johan Ottesen plukka bortimot 250 bilete som han presenterer i denne boka. Dei fleste fotoa er kring 50 år gamle. Men der er også foto som går heilt attende til pionertida for flyfotografering - til 1920-åra.

Sidan fotoa vart tekne, har det vore store endringar både i bygd og by. Og på denne rundturen innom alle kommunane på Sunnmøre har ein lagd mest vekt på stadene der det har vore dei største endringane framover mot i dag.

Første gang utgitt i 2004.

ISBN: 82-995308-6-5

Pris kr 298,-

Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.

Sjå også desse bøkene: