Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Fotoinformasjon

Johan Ottesens fotoarkiv har kring 300 000 eldre foto frå heile landet. Flyfotoa er frå fire selskap: K. Harstad kunstforlag, Nor-Fly, Telemark flyselskap og Norsk Flyfotografering. Hovudtyngda av fotoa er frå 1950- og 1960-åra og viser korleis busetnad og kulturlandskap såg ut på den tida. Generelt kan ein seie at foto frå K. Harstad kunstforlag viser tettstader, medan Nor-Fly, Telemark flyselskap og Norsk Flyfotografering viser gardar, hus og bedrifter.

Fotoa frå K. Harstad kunstforlag er i svart-kvitt. Foto frå Nor-Fly er i to seriar – ein i farge og ein i svart-kvitt. Det er berre serien med svart-kvitt-foto som har prøvefoto på heimesida. For Telemark flyselskap (seinare Telemark flyfoto) er bileta fram til nr. 141355 i svart-kvitt, dei etterfølgjande er i fargar. Når det gjeld foto frå K. Harstad kunstforlag kan byar vere medtekne i kringliggjande landkommunar. Ver merksam på at mange gardsfoto som heng rundt om på vegger, er svart-kvitt-foto som har blitt fargelagde, ofte kalla handkolorerte. Dei nyaste fotoa er frå Norsk Flyfotografering. Dei er frå tidsromet 1986-1995 og er i fargar.

I arkivet til K. Harstad kunstforlag er også negativ frå S. Grans kortforlag. Fotoarkivet har også arkiv etter lokale fotografar som Kåre Uri (flyfoto), Gustav Osnes og Randolv Ulfstein.

I den vidare digitaliseringa vil Telemark flyselskap med fotonummer over 131 000 bli prioritert.

For informasjon om prisar og format, sjå prislista.

Johan Ottesens fotoarkiv

Ottavikvegen 2, 6065 Ulsteinvik
E-post: post@flyfotoarkivet.no
Mobil: 905 03 959