Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Frå segl til damp

Frå segl til damp - omslag

På slutten av 1800-talet byrja åttringen og bankskøytene å få konkurranse frå dampdrivne fiskefarty. Det skulle ikkje gå mange åra før årar og segl vart erstatta med dampmaskiner og motorar til framdrift av fiskefloten.

Kring år 1900 byrja ei sterk utbygging av dampskipsfloten på Sunnmøre. Ei stund hadde også landsdelen bortimot halvparten av alle dampdrivne fiskebåtar her i landet.

Den nye båttypen kravde meir kapital enn den tradisjonelle fiskarbonden kunne makte. Det vart difor særleg handelsmenn med tilknyting til fiskerinæringa som skulle bli føregangsmenn i overgangen til dampdrift.

I denne boka får vi historia, frå ”vogge til grav”, til 47 av dei båtane som var sentrale i denne store og viktige omlegginga av fiskerinæringa.

Første gang utgitt i 2002.

ISBN: 82-995308-3-0

Pris kr 350,-

Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.

Omtalar desse båtane

Sjå også desse bøkene: