Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Ishavsskuter

Ishavsskuter - omslag

I 1898 gjekk tre små sunnmørsskuter på selfangst. Det skulle bli starten på ei næring som skulle få mykje å seie for søre Sunnmøre. Brandal vart den dominerande ishavsbygda, men det kom også mange skuter frå Vartdal, Hjørungavåg, Tjørvåg og Remøya.
Boka 'Ishavsskuter' omtalar selfangstskutene som gjekk ut frå desse bygdene før 1920. Første tida var det fiskebåtar ein nytta til selfangst. Seinare fekk ein spesialbygde farty som kunne kome seg lenger inn i isen, og som tolte betre dei vanskelege forholda fangstfolka måtte arbeide under.
Denne boka omtalar historia til 43 ishavsfarty frå 'vogge til grav'. Ho gir dermed innblikk i endringane som har skjedd i denne næringa, særleg frå den første pionertida og fram til etableringa av ein stor og moderne fangstflote.

Boka er på 141 sider og har over 100 båtbilete. Utgitt 1999

Første gang utgitt i 1999.

ISBN: 82-995308-0-6

Pris kr 350,-

Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.

Omtalar desse båtane

Sjå også desse bøkene: