Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Ishavsskuter II

Ishavsskuter II - omslag

Ålesund og Brandal var dei dominerande sentra for selfangstnæringa på Sunnmøre. I byen var det eit sterkare innslag av handelsfolk på eigarsida enn på sunnmørsbygdene. I tillegg valde forretningsmenn frå andre stader i landet å stasjonere skutene sine i Ålesund. Dermed var det fleire ishavsskuter på nordre Sunnmøre enn på søre Sunnmøre dei første tiåra med selfangst.

I ”Ishavsskuter” fekk vi historia til 43 skuter på søre Sunnmøre. I denne boka får vi historia til dei mange skutene som kom til Ålesund og nærliggjande bygder i pioneråra for den sunnmørske selfangsten.

Ishavsskuter II” omtalar i alt 53 selfangstskuter frå sjøsetjing til dei går ut av drift. Og dei fleste skutene avsluttar si historie med forlis på fangstfeltet.

Første gang utgitt i 2000.

ISBN: 82-995308-1-4

Pris kr 350,-

Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.

Omtalar desse båtane

Sjå også desse bøkene: