Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Snurparar

Snurparar - omslag

I årets bok frå Johan Ottesen skriv han om 50 snurparar som kom til Sunnmøre i tidsromet 1944 til 1957. Denne perioden dekkjer dei store sildeåra som varte til og med 1956. I 1957 var det såkalla «sildeeventyret» over. Den aukande fangstmengda i desse åra kan i stor grad tilskrivast at fleire og fleire farty tok del i sildefisket. Rett nok var der båtar som gjorde det svært godt. Men dei mange som hadde heller liten fangst, har ein lett for å gløyme.

Då krigen braut ut, vart mange av dei største og beste fiskebåtane på Sunnmøre rekvirerte av tyskarane. Med få unntak vart det slutt på nybygging av fiskefarty.

Fleire av dei rekvirerte båtane sokk i tysk teneste. Mykje av flåten elles var nedsliten då krigen var over. I dei første etterkrigsåra vart reparasjonar av eksisterande båtar prioriterte. Forliste båtar vart erstatta gjennom innkjøp av brukte båtar og nybygging. Seinare fekk vi ei meir normal fornying av fiskeflåten.

Gjennom historia til dei 50 båtane får ein også eit innblikk i korleis farty-typane utvikla seg. I desse åra vart det slutt med å byggje store havfiskebåtar i tre. Seinare måtte den eksisterande fiskeflåten tilpassast dei nye tidene. Båtane vart ombygde, og ein søkte til nye fiskefelt.

Boka er rikt illustrert med over 130 foto som viser båtane både før og etter ombyggingar.

Første gang utgitt i 2015.

ISBN: 978-82-93042-04-4

Pris kr 350,-

Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.

Omtalar desse båtane

Sjå også desse bøkene: