Runde

Illustrasjon frå «Runde»

Mange har freista å tolke det gamle øynamnet Runde. Hans Strøm meinte namnet skreiv seg frå at øya var rund. Meir rimelege tolkingar knyter namnet til dei bratte fjellsidene og til at øya ligg lenger ute enn grannøyane.

I ein versjon av Snorres Edda blir øynamnet Runde skrive Hrund. I ein annan versjon finn vi det i genitivform – Hrundar. Øynamnet har opphavleg vore hokjønn, men har seinare til liks med øynamnet Riste gått over til å bli inkjekjønn. På eit sjøkart frå 1610 blir namnet skrive Runden. Der blir også andre øynamn, som er hokjønn, slik som Skorpa og Heissa skrive Scorpen og Heisen.

I dag uttalar dei fleste namnet på garden, som ligg på innsida av øya, og øynamnet likt – Ronde. Men eldre, lokalkjende folk, seier ofte Rondet om sjølve øya. «Han låg synnai Rondet». Her synest namnet å vere brukt i bunden form.

Tidlegare og stundom også i dag høyrer ein at øynamnet blir bøygd i dativ: «Det ligg skodde på Ronda». Hadde øynamnet vore hokjønn også i dag ville vi ha sagt Ronda, i dativ Rondinne. Jamfør Skorpa og Skorpinne. I samansetjingar med øynamnet får vi forma Runda-. Jamfør genitivforma Hrundar. Den lokale nedervde uttalen er såleis Rundabranden og Rundasundet, og ikkje Rundebranden og Rundesundet. Derimot er gardsnamnet Runde ubøygd.

Til liks med mange andre sunnmørske øynamn har Runde stundom fått påhengt endinga øe og øy. Av same grunn kan vi finne båtnamn som «Rundøy», «Giskøy», «Suløy» og «Dimnøy».

Hans Strøm seier i Beskrivelse over Fogderiet Søndmør at «Rundøe, som uden Tvivl har faaet Navn af sin runde eller ovale Skabning, er den siste og yderste af alle beboede Øer her i Sognet.» Rett nok stiller eg meg tvilande til om øya er så rundvoren som Strøm vil ha det til.

Sophus Bugge meiner i Norske Gaardnavne at øynamnet kan henge i hop med (h)rynja som kan tyde falle, strøyme ned (om bårer som bryt og fell ned over noko). Til dømes brukt om sjø som slår innover ein båt. Det blir vidare sagt at gardsnamnet har fått fleirtalsform.

Dette siste er Knut Kopperstad, som har skrive ein lengre artikkel om gards- og øynamnet i Maal og Minne, heilt usamd i. Han seier at «naar et søndmørsk gaards- eller andet stedsnavn har flertalsform, faar det ogsaa bestemt form». Døma hans er her gardsnamn som Holtane, Leinane, Rovdane osv. Kopperstad peikar vidare på at gardsnamnet i motsetning til øynamnet har tostavingstonelag. I utgangspunktet kunne det vere nærliggjande å tru det var ei gammal stivna dativform, slik som det kan vere ved fleire gardsnamn. Her peikar Kopperstad på at dativnamn som til dømes gardsnamna Berge og Fjelle får genitivendinga s i samansetjingar, slik som Bergsøya og Fjellsvatnet. Derimot heiter det Rondagardane og Rundakarane når ein snakkar om garden. A-en i Ronda-, ved bruk av gardsnamnet, er her den same som genitiven –ar i øynamnet.

Kopperstad meiner det er vanskeleg å forklare endinga e i gardsnamnet. Men peikar som ei mogleg forklaring at ei dativform *Hrúndu, ut frå ei sterk hokjønnsbøying av øynamnet, med svekking av endevokalen har endra seg frå u til e. Det er denne dativforma som han meiner vi i dag har i gardsnamnet.

Kopperstad peikar på at øyar og gardar ofte har felles namn slik som Eika, Skorpa, Dimna og Heissa. Når det gjeld Runde konkluderer han slik: «At dette engang ogsaa har været tilfældet med Hrund, er høist sandsynligt. Hvad særlig angaar de søndmørske gaardsnavn av dette slag, saa har de samme kjøn, samme bøining og samme betoning, naar de betegner gaarden, som naar de betegner øen. Men fra denne regel danner navnet R i nyere tid en merkelig undtagelse. Fælles for ø- og gaardsnavnet er her, foruten genitivsendelsen -a (I a og b), i grunden bare ordets stamme og – de bokstaver hvormed ordet skrives. Ø-navnet har skiftet kjøn, gaardsnavnet er «kjønsløst»; ø-navnet er bøieligt, gaardsnavnet er ubøieligt, eftersom dets hovedform er en opr. gammelnorsk dativform. Men hvad der skarpest skiller mellem øens og gaardens navn, der den forskjellige betoning, naar de optræder utenfor sammensætning.»

Det kan her leggjast til at Magnus Olsen gav full støtte til Kopperstad si utgreiing om forholdet mellom øy- og gardsnamnet.

Kopperstad var også usamd i Sophus Bugge si tolking av øynamnet. Kopperstad peikar på at når ein siglar langs kysten, særmerkjer Runde seg med å stikke lenger ut enn grannøyane. Han knyter difor øynamnet til hrinda = støyte fram. Altså tyder Runde den framskotne øya. Magnus Olsen hadde også godhug for Kopperstad si tolking av øynamnet Hrund til å tyde «fremskytning», «den fremskutte (ø)». Olsen peikte vidare på at ein fann mange analogiar av ei tilsvarande namnelaging som Hrund (til hrinda), av ei stamme *Hrundi-». Og i dei gamle indogermanske språka er ikkje vegen lang frå eit handlingssubstantiv som «fremskytning» til eit stadnamn som Hrund.

Svante Strandberg kjem i Namn och bygd for 1983 med nok ei tolking av øynamnet Runde. Han meiner det kan setjast i samanheng med hrynja = falle, styrte ned. Mykje av Runde består av bratte berg som stuper rett i sjøen. Strandberg meiner difor at ein kan knyte øynamnet Hrund til ei bratt avslutning. Runde skal såleis tyde øya med dei bratte stupa. Det kan såleis vere eit vegens namn. Det var dei sterkt hallande fjellsidene som var særmerket for dei som siglde forbi på kysten.