Blichfeldthammaren eller Blikfelthammaren

Illustrasjon frå «Blichfeldthammaren eller Blikfelthammaren»

Skal det heite Blichfeldthammaren etter Otto Blichfeldt, eller skriv namnet seg frå kvite felt i berget der?

Så langt som eg kjenner til, er der to ulike forklaringar på kvifor denne hammaren på innsida av Osneset skulle ha fått namn etter Otto Blichfeldt (f. 1812), som i si tid åtte Lånabruket i Vik.

I gamle dagar var det folk frå Ulstein som rodde til Herøykyrkja på søndagar når det ikkje var gudsteneste i Ulstein. På vegen til Herøy var det lagt inn faste punkt der ein bytte om å ro. For folk frå garden Vik, som starta ved Vikebryggja, var første åreskift ved Blichfeldthammaren. I samband med bytet her skulle Otto Blichfeldt alltid ha seg ein dram. Samstundes med drammen brukte han å deklamere: "Den akevitten, den akevitten den læger jo mer enn den sårer». Ja, slik skal opphavet til namnet på hammaren vere etter den første versjonen.

Den andre versjonen tek også utgangspunkt i alkoholbruken til Blichfeldt. Men her er forklaringa på namnet at Blichfeldt ofte var i Borgarøya og kjøpte seg sprit. Han venta som regel ikkje til han kom heim med å fortære av dei edle dropane. Dermed gjekk kursen heimover til Vik som regel litt i sikksakk, og Blichfeldt rodde seg difor ein gong på grunn her ved hammaren.

At slike hendingar kan vere nok til å gje namn på ein plass, har vi også tilsvarande døme på frå Sverige. Ivar Modéer fortel om ei grynne som fekk namnet Skomakarn, fordi ein skomakar fleire gonger når han var på heimveg, rodde seg frampå der. Og Modéer legg til at han tar det for gitt at denne skomakaren hadde problem med å halde seg edru.

Dei gamle på Osnes brukte ofte namnet Seideberget om hammaren fordi der var ein god fiskeplass, særleg etter sei. Men i ytste del av hammaren var der lange og lyse kalkgårar i berget. Av denne grunnen vart også Marmorberget brukt om denne delen av dei yngre.

Ifølgje Norske Gaardnavne skal eit blik tyde noko «som blinker, noget, som er hvidt, lyst i Sammenligning med Omgivelsene. Findes i temmelig mange Navne, især ofte i Fjeldnavne (Blikaasen, Blikberget, Blikhatten osv.), i Nutidsform mest lydende enten Blik- eller Blek-. Et betegnende Exempel er Kvitblik i Skjestad, liggende lige under det fra gammel Tid bekjente Marmorbruk her.»

Stadnamn med blik finn vi over heile søre Sunnmøre. På Dimna har vi til dømes Blikvågane, og ein lys stein nær Høgåsen på same øya, blir kalla Kvitebliket.

I den no vekkskotne hammaren på innsida av Osneset var det fleire parallelle kalkfelt som var kring 20 cm breie. Desse såg ein som kvite striper i det elles mørke berget. Så kanskje ein heller bør forklare namnet ut frå naturformasjonen og ikkje ut frå hendingar knytt til Otto Blichfeldt. I så fall bør namnet skrivast Blikfelthammaren.