Nerøya, Bølandet, Leinøya
Kan Nerøya vere det opphavlege namnet på Bølandet?
I Hans Strøms «Annotations Boog», ei notisbok han brukte som grunnlag for «Søndmørs Beskrivelse», kan vi lese at Bølandet er ei krum øy som er samansett av to delar. Den nørdste delen som vert kalla Remøya, er skild frå det eigentlege Bølandet med eit trongt sund som vert kalla Nøre Vaulen, der ein kan ro gjennom ved høg flod.
I den endelege utgåva formulerer Strøm seg slik: «Bøeland og Remøe ere tvende temmelig store Øer, som på en vis Maade kan siges at være baade adskilte og nær foreenede, nemlig i Henseende til det mellemløbende Sund, kaldet Nøre-Vaul, som i Flod-Tiden er bredt, og dybt nok til at bære både store og smaae Baade; men derimot i Ebbe-Tiden næsten ganske tørt, saa man maae trække Baadene derigiennem med Hænderne. Da nu Naturen har temmelig nøie foreenet disse 2 Øer med hinanden, saa kan de og her betragtes under eet».
I dag er Nøre Vaulen kraftig utdjupa for at større båtar kan gå der. Men tilstanden før dette naturinngrepet er presist skildra av Strøm. Vi kan her nemne at vaul vert sett i samanheng med eit ord for å vade. Også det namnet fortel at sundet som skil Remøya og Bølandet historisk sett har vore ganske grunt.
Bølandet ligg også ganske nær ei anna øy – Bergsøya. Strøm fortel at sundet mellom på nokre stader «meget trangt, og følgelig foraarsage den Deel striidige Strømme. Især skeer dette på tvende Steder, nemlig ved de 2. bekiendte Strømme, Krøk-Strøm og Striid-Strøm.»
Strøm har også ei forklaring på Nerøy-namnet. Det kjem av at Nerøya ligg «Bøelandet saa meget nær, nemlig i Ebbe-Tiden ganske Landfast med samme, og i Flod-Tiden kun adskilt derfra ved en smal Rende i Jorden, som med Tiden synes at ville tilstoppes.»
Les vi vidare i Strøm, vil vi sjå at han brukar andre nemningar på fleire av øyane i ytre Herøy enn det som er vanleg i dag. Når det gjeld Nerlandsøya, Bergsøya og Bølandet (Leinøya) må ein rekne med at dei har hatt eit anna namn i eldre tid.
Skikken med å bruke land som ending i samansette øynamn er i dei fleste tilfella truleg berre nokre få hundreår gammal. Jamfør her at Höö var det norrøne namnet på Hareidlandet. For nok ein gong å vise til Strøm, så fortel han at Gurskøya også blir kalla «Hiidsegg-Landet». Bergsøya kallar han «Myklebust-Øe» og «Myklebust-Land». I staden for dagens Nerlandsøya så brukar han «Qvalsviig-Øe» og «Kopperstad-Land». Men Strøm nemner ikkje noko alternativt namn på Bølandet.
Denne endinga land i øynamn har truleg kome inn i form av land i tydinga strandområde. Vi vil til dømes seie at ein båt siglde forbi Moltulandet. På tilsvarande måte vil dei som reiste ytre lei bruke Bølandet ut frå garden Bø. Deretter har dette namnet festna seg ved heile øya.
Vi har mange døme på at vi kan finne det opphavlege øynamnet som namn på ein gard. Som regel er det den eldste og mest sentrale garden på øya som er samnemnd med øya. På øya Runde er garden Goksøyr venteleg yngre enn garden Runde. På øya Dimna må ein rekne med at garden Dimna er eldre enn dei andre gardane vi finn på øya. Likeeins med øya Heissa og garden Heissa osv.
I Norske Gaardnavne finn vi ymse måtar gardsnamnet Nerøy har vore skrive på. Eldste form der er Nærdøy i Aslak Bolts jordebok frå 1430. I Norske Regnskaber og Jordebøger frå kring 1520 finn vi formene Nordø og Nereswndz/Næreswnd skipreide. Kring 1530 er namnet skrive Nerdøin. Formene på 1600-talet er Nerrøe og Nerøe, medan ein får skriftforma Nærøen i 1723. Den nedervde uttalen av namnet er Nerøya, med ein tydeleg e og ikkje æ i første lekken. Slektsnamnet blir skrive Nærø i dag.
Av gardane på Bølandet er Nerøya den einaste der vi har skriftformer heilt tilbake til Aslak Bolts jordebok, men i Norske Regnskaber og Jordebøger finn vi eldre skrivemåtar for Volsund, Bø, Torvika, Frøystad, Espeset og Leinane.
Når det gjeld opphavet til namnet Nerøya, konkluderer Norske Gaardnavne med at garden «nu er en Halvø, landfast med den store Ø Bølandet, men har tidligere været en egen Ø.» Det står vidare at halvøya då måtte ha heitt Njardøy og at førstelekken kjem frå gudenamnet Njord. Men denne tolkinga er omstridd. Mange forskarar meiner at gudenamn i samansette stadnamn må ha genitivform. Det opphavlege namnet skulle difor ha vore Njardarøy, og ikkje Njardøy, i fall ein har med guden Njord å gjere. På tilsvarande måte vil det heite Tors- og ikkje Tor- i eit gardsnamn som kjem frå gude- eller mannsnamnet Tor.
Ut frå renna som deler innmarka på garden Nerøy i to, har ein oftast slik som i «Norske Gaardnavne» gått ut frå at gardsnamnet har sitt opphav frå denne ytste halvøya. Det kan elles nemnast at landhevinga i dette området har vore minimal i det siste tusenåret.
Den eldste og mest sentrale garden på Bølandet er etter mi meining Nerøya. Det kjem mellom anna fram i at vi finn ei skipreide knytt til dette namnet. Det er også for denne garden vi har dei eldste kjende skriftformene. Ut frå ein slik tankegang kunne såleis det tidlegare namnet på heile dagens Bøland/Leinøy vere Nerøy på same måten som gardsnamna Runde og Remøy fortel om det opphavlege namnet på dei øyane også etter at der har blitt fleire gardar, slik som høvesvis Goksøyr og Sævik.
Adolf Noreen hevdar i ein artikkel «Tiveden ock tibast» at førstelekken Njard i stadnamn viser til ei «förträngning». Han set også dette i samanheng med Njorvasund som er det gamle namnet på Gibraltar. I denne samanheng kan vi også vise til ordet nor som vi finn i mange stadnamn i tydinga trongt sund, jamfør også engelsk narrow.
Jan Paul Strid seier i boka «Nären, Njärven og Njurhulten» at det har funnest eit fornnordisk ord – *nærd – som har vore brukt om «olika slags förträngningar: trånga sund, dalgångar, pass, vatten m.m.»
Det som særpregar Bølandet er dei tronge sunda i høve til dei kringliggjande øyane. Vi har nemnt Nøre Vaulen mot Remøya. På motsett side har vi Røyrasundet med ytre lei. Farvatnet mellom Bølandet og Bergsøya, Straumane, er krokete med fleire tronge sund.
Det mest kjende Nærøy-namnet finn vi i Nord-Trøndeleg. Øya der har gjeve namn til Nærøysundet, leia mellom Inner-Vikna og fastlandet, og kommunen der ho ligg. Også der har ein tolka namnet til å kome av gudenamnet, men her finn vi nok eit trongt farvatn. Og granskar vi fleire Nerøy/Nærøy-namn nærare, som til dømes Nærøyfjorden, vil vi også der finne ein trong fjord. Så kanskje er det mest rimeleg å setje Nerøy-namnet i Herøy også i samanheng med innsnevring, trongt sund?