Eidskyrkja og Kyrkjefjellet

Kan namnet Eidskyrkja eigentleg tyde kyrkja vi ser i himmelsjå?

Illustrasjon frå «Eidskyrkja og Kyrkjefjellet»

Heiter det store fjellet på sørsida av Austefjorden Eidskyrkja eller Kyrkjefjellet?

Meiningane har vore delte. Hans Geitvik sa det slik: «Det skal ikkje stikkast under stol at folk i Nordfjord og til dels på Bjørkedalen seier Kyrkjefjellet. Men eg er ikkje i tvil om at Eidskyrkja må ha fyrsteprioritet, for det seier dei som bur oppunder dette fjellet.»

Namnet Kyrkjefjellet viser nok helst til ein fjellformasjon som minner om ei kyrkje. Ei mindre rimeleg tolking er at der ein gong i tida har stått eit kyrkjebygg. Derimot er det meir problematisk å gje ei endeleg forklaring på namnet Eidskyrkja.

Lat oss sitere den første utgreiinga som vi kjenner til, om dette namnet. Hans Strøm skriv i Søndmørs beskrivelse: «Eids-Kirke er ikke, som man af Navnet skulle slutte, en Sogne-Kirke eller Capell, men et høit, steilt og nøgent Field, beliggende paa Østre Side af den forhen ommældte Høydal, hvor det adskiller sig fra de øvrige Fielde ved sin særdeles artige Top, der viser sig langt fra, besynderlig for vore Fiskere i Vester-Havet, som en Gavel af et stort Huus eller Kirke, og har forledet mange til at troe, at det virkelig var saa. Af hvad Aarsag denne indbilte Kirke bærer Navn af Eid, og kaldes Eids-Kirke, derom har jeg ingen Oplysning kunde faae, men slutter, at vore Bønder, som i Udtalen gemeenlig forkorte Ordene, og derhos som oftest udlade den Aspiration (H), maae ved en stærk Sammendragelse eller Contraction have forandret Høydals-Kirke til Øyd- og Eyds-Kirke; thi at de skulde havet taget Feil av Beliggenheden, og anseet dette Kirkelignende Field for at være den virkelig saa kaldte Eids-Kirke i Naboe-Fogderiet Nordfiord, er efter Situationen slet ikke rimeligt.»

På toppen av Store Eidskyrkja, ned mot Høydalen, blir ein del av fjellet skilt frå resten av fjellmassivet av ein klove som er om lag 30 meter brei. Attved denne kløfta finn vi Eidskyrkjetårnet. Frå tårnet og utover mot floget ned til Høydalen ser fjellet ut som eit stort kyrkjetak.

Ut frå dette og Strøms forklaring er det greitt å forstå sistelekken kyrkje. Derimot har både Strøm og seinare stadnamngranskarar hatt problem med å gje ei fullgod forklaring på førstelekken «eid». Til vanleg brukar vi ordet eid om eit lågtliggjande punkt der ein kan gå frå ein dal til ein annan. Det er her vanskeleg å finne eit slikt eid, som er så markert eller har vore så mykje nytta, at det skulle gje namn til dette store og ruvande fjellet. Samstundes har det som Strøm påpeikar, vore vanskeleg å setje namnet Eidskyrkja i samanheng med ei kyrkje i Eid kommune sør om fylkesgrensa.

Strøm dreg inn halvemålet som ei mogleg forklaring. Eidskyrkja kan etter hans meining vere ei samandraging av Høydalskyrkja. Men det høver dårleg med uttalen som er «Eisskirkjå». Derimot vil uttalen samsvare med ei halvemålsform av Heidskyrkja, der eit heid tyder himmel, luft utan skyer, det som er oppe i «lykta» som ein seier i dialekten. Jamfør uttrykket: «Han er klår i heid» – det er klårt over heile himmelen. I norrønt blir adjektivet heidr brukt om det som er skyfritt, klårt eller lyst.

Som Strøm peikar på, så kan ein sjå denne høge særmerkte kyrkjeformasjonen i himmelsjå også ute frå havet. Ei tolking av namnet, der førstelekken er halvemål for eit heid, vil såleis vere at Eidskyrkja tyder kyrkjeformasjonen som ein ser mot den klåre luft, mot ein skyfri himmel.