Stadnamn med katt

Kan katt i stadnamn også tyde noko som er lite, uvesentleg?

Illustrasjon frå «Stadnamn med katt»

Namn som kan knytast attende til vikingtida, gir ofte prestisje. Difor vert stadnamn med katt ofte tolka til å kome av båttypen kati. Men som oftast viser namn med katt heller til noko som er lite eller dårleg.

Ei mykje brukt forklaring når folk skal fortelje kvifor det heiter til dømes Kattaberget, Kattaskjeret og Kattatjørna, er at namnet skriv seg frå at ein har drukna kattar, og spesielt kattungar, der. Ein kan nok ikkje sjå heilt bort frå denne forklaringa når det gjeld enkelte stadnamn med Katt som førstelekk. Likeeins kan ein også sjå det som naturleg at kattar til liks med andre dyr kan ha gjeve namn til stader dei hadde tilhald.

Ei anna populær forklaring på Katt-namna er at dei skal skrive seg frå ein båttype, kati, som vart brukt i vikingtida. I slike samanhengar får ein som tilleggsforklaring at eigentleg heiter det kat-, men at ein i daglegtalen har vent seg til å bruke katt. Som dokumentasjon på denne båttypen blir det ofte visst til tolkinga av førstelekken i stadnamnet Caithness. Det ligg på nordspissen av Skottland. Eller som det står i Hárbarðsljóð: «Þá gaf Hörðr nafn nesinu ok kallaði Katanes, því at honum þótti þar margr kati fyrir fara.» Så spørs det om dei mange kati som passerte der i denne samanhengen viser til ein båttype eller om det er eit tilnamn på folkeslaget som budde nørdst i Skottland. I boka «Dictionary of Place-names in the British Isles» seier ein at cat (caith) var eit keltisk namn på folkegruppa som budde der.

I «Svenskt ortnamnslexikon» får vi også ei anna forklaring som kan høve for stadnamn som inneheld ordet katt. Ein seier der at førstelekken i stadnamn med katt kan også vere «djurbeteckningen katt, som i ortnamn ibland används för att uttrycka att något är litet eller i någon bemärkelse dåligt».

Vi finn stadnamn med katt over heile Sunnmøre. I denne samanhengen avgrensar vi utvalet stort sett til Ulstein. Kattatjørna er ei lita vassamling på Ulsteinfjella. Kattatjørna på Dimnafjella er også lita, men stor nok til å drukne ein katt der, vert det sagt om plassen. Men om ein skulle drukne kattungar ved å putte dei i ein gammal sekk med stein i, var det vel enklare å ta seg ein tur i fjøra, der det var djupt, framfor å la drukna kattar liggje og rotne i eit bitte lite fjellvatn?

Kattavika er ei lita vik i Løsetvatnet. Også her har eg fått som forklaring av det skriv seg frå båttypen i norrøn tid. Kattarompa er ein lang og smal steintange lengst nord på Borgarøya.

Når det gjeld Kattasteinen på Kleiva, skal denne ha fått namn fordi ein stor kattunge, som vart ihelslegen, vart søkkt ned her kring 1930. Kattahola i Vågane blir sagt å kome frå at ein grov ned kattungar der. I Ringstaddalen finn vi Kattavollen. Namnet der skal fortelje at ei ørn tok ein katt her.

I boka «Stadnamn frå Sunnmøre» seier Johan Krogsæter at Katavågen ved Sunnmøre Museum har fått namnet sitt etter båttypen kati. Det kan verke merkeleg at denne båttypen som vi elles høyrer lite om, skal vere eit av dei mest produktive namnelagingselementa langs kysten når ein ser på dei mange forsøka på å knyte namn på kat(t) til denne båttypen. Krogsæter seier vidare at han har også høyrt at folk seier Kattavågen.

At skipsnamnet kati kan ha gjeve namn til ein stad som ligg ved ein gammal handelsplass, er mogleg. Men samstundes er vågen i Borgund heller liten, dermed kan ein ikkje sjå bort frå at det er katt, i tydinga liten, som er førstelekk i namnet også her.

Mitt inntrykk er at mange altfor lett tyr til skipstypen, kati, når eit stadnamn med katt skal forklarast sidan det gjev stor prestisje. Ein plasserer jamvel slike båtar i fjellvatn. I mange av desse tilfella er det nok heller katt i tydinga liten eller uvesentleg som ligg til grunn. Men samstundes finn vi også stadnamn der hendingar med huskattar eller røyskattar er opphavet til namnet.