Sandsøya/Dollsøya
Ei øy som har fått mange segner knytt til seg er Dollsøya
Ei øy som har fått mange segner knytt til seg er Sandsøya. I eit diplom frå 1329 blir øya kalla Dolzæy. Det er Dollsteinen, og særleg Dollsteinhola, som har vore i fokus i dei gamle forteljingane.
I dag er ikkje namnet Dollsøya lenger i bruk. Sande, namnet på garden der kyrkja på øya ligg, har blitt førstelekk i øynamnet, og dette gardsnamnet har også vorte namn på heile kommunen.
I forteljinga om Orm Storolvsson får vi skildra kampen mellom Orm og det menneskjeetande trollet Bruse. I Flateyjarboka blir tilhaldsstaden for trollet sagt å vere ytre Saudøya. Det skal vere to øyar med same namn. Men ein stad i teksta blir Sandøy brukt i den trykte utgåva av boka. Difor har somme lagt historia til Sandsøya på Sunnmøre. Vi får vite at først fer Asbjørn, ein ven av Orm, med skipet sitt «helldr nordr firir Mæri ok leggr sæint dags at Saudey hinne ytri.» Altså ligg Saudøyane langt nordafor Møre. Her blir Asbjørn drepen. Orm vil hemne drapet. Han reiser til den nordlege del av Noreg og oppheld seg om vinteren i Trondheim. Om våren dreg han til den minste Saudøya. Bruse heldt til på den ytste og største Saudøya. Om natta drøymer Orm at han får besøk av halvsøster til Bruse, som «Menglod heita (277) dottir Ofotans nordan ór Ofotans firde.» Då Orm vaknar, ligg der eit par hanskar som Menglod hadde lagd att. Hanskane gjev Orm store krefter, og han greier difor å drepe Bruse.
I ei færøyisk vise om Orm Storolvson får vi ikkje vidare opplysningar om kvar kampen mellom Orm og trollet stod. Trollet, som blir kalla Dollur og ikkje Bruse i denne visa, held til på Ytre (Saudøya?) i ein hellar. Etter at Orm har drepe Dollur, siglar dei sør til Trondheim.
I eit anna færøyisk kvad – Brúsajökils kvæði – ligg dei to øyane «fyrir Herjalondum» eller «fyrir Herjaroy». Her heiter trollet Bruse/Brúsajökil og dei to øyane blir kalla Sygri og Minna. Det kunne vere nærliggjande å tru at Herjarøy er Herøy på Sunnmøre. Men vi har også Herøy i Nordland, og i denne kommunen finn vi Dolsøy – også i dag.
I Orknøysoga blir det fortalt at Kale Kolsson vart liggjande vêrfast ved ei øy som heitte Dollz. På øya var ei hole som heitte Dollzhellir, der ein draug skulle halde til. Kale og Håvård var dei av følgjet som våga seg lengst inn i hellaren, der det skulle vere gøymd ein stor skatt. Men dei måtte vende tilbake utan å ha funne noko.
Svein Magnus Grodys skriv i boka Nasjonenes fabrikk at kong Arthur av det runde bord (490–545) rådde over fleire land. Det norske setet hans var på Havet. Eit anna ord for hav er marr. Ei av tolkingane av stadnamnet Møre seier det har sitt opphav i ordet marr, hav. Dermed skulle tilhaldsstaden for kongen vere på Møre. Eller meir presist – på øya Dol sidan dol skal tyde «bord» på keltisk.
Då syskenbarnet til Arthur, Mordred, gjer opprør i Britannia blir han felt, men kong Arthur blir hardt såra i kampen. Arthur drog deretter til Dol (Sandsøya) for å lækje såra sine.
Grodys viser elles til segner om Arthur, der han skal bli kalla norsk konge og Draken, som er på jakt etter den heilage gralen som nokon skulle ha stole frå han. I Beowulfkvadet skulle Draken bu på ei øy med ei underjordisk hole der det var gøymd ein skatt under vatn. Grodys seier at denne hola er den same som er fortalt om i Orknøysoga, altså Dollzhellir, i dag kalla Dollsteinhola. Grodys skriv vidare at Draken heldt til på Earnaness (Ørneneset). Dette Ørneneset må vere «Sandshamn på Sandsøy, hvor hovedbebyggelsen er omkring en naturlig havn. …. Like ved et sted som heter Kongsvoll, ved Sandshamn, har man Arihaugane, og Ari betød ørn, eller havørn. Sandshamn omtales fortsatt som Neset.»
I tyske Nibelungensegner blir det også fortalt om ein skatt som er søkkt i vatn. Der blir elvenamnet Rhinen brukt om staden. Men Grodys meiner Rhinen må vere ein forveksling med Rinden som er det høgste fjellet på Sandsøya.
Sentralt i Grodys sin argumentasjon er tolkinga av Møre til hav, som det også kan finnast støtte for blant stadnamngranskarar. Her må det også nemnast at dei svenske landskapsnamna Norra og Södra Möre (Meore i engelske kjelder kring 890) vert tolka til å kome av myr, og at ei anna tolking av det norske Møre er «myrlandet».
Men hovudargumentet for Grodys når han vil plassere kong Arthur av det runde bord på Sandsøya, er at det keltiske ordet dol skal tyde bord. Eg har ikkje funne kjelder som kan stadfeste dette. Ifølgje «Etymological Dictionary of Proto-Celtic» tyder keltisk dol engslette eller dal.
Ut frå at trollet Dollur held til i ein hellar, har somme meint at Bruse må ha budd på Sandsøya på Sunnmøre. Bjarne Rabben, i Soga om Sande og Rovde, diskuterer ikkje problemet Sandsøya/Saudøya, men godtek utan vidare Sandsøya. På heimesidene til Kong Arthur-spelet brukar ein Saudøya(ne) utan å problematisere det.
Ut frå mytologiske førestellingar om grøderikdom funderer Rabben om ulike tydingar av ordet bruse. Han knyter dette til skjermplanter for å gje ei forklaring på namnet Dollsøy.
Men er det ein eventyrfigur som har gjeve namn til Dollsøya? Er det ikkje minst like rimeleg at det er øynamnet som har gjeve namn til trollet? Jamfør her at islendingane brukar eit nærlydande ord, dólgur, om eit stort, plumpt og barskt utsjåande menneske, og spesielt om overnaturlege vesen som troll og draugar. Vi brukar også dolseleg for å karakterisere folk med tilsvarande proporsjonar.
Ut frå kjeldene som er sitert ovanfor vil førstelekken i øynamnet Dolzæy vere ordet dol(l) eller dol(l)s.
I islandsk blir dollur og dallur brukt om ei lite treøskje der ein gøymer mat, jamfør ein smørdall på norsk. I Dollsteinen skal det vere gøymd skattar.
I skotsk blir doll sagt å tyde ein del, ein porsjon, eit stort stykke av noko. I tilknyting til ordet dolt blir det i Norsk ordbok sagt at i nordengelsk tyder doll ein klump, og i norsk tyder dols ein tung, formlaus skapning.
I dag finn vi namnet Stordolsøya og Litldolsøya i Frøya kommune. Som før nemnt finn vi også Dolsøya i Herøy kommune i Nordland. Det bur ikkje folk på desse øyane.
Ved Hitra har vi ei øy som heitte Dolmi, i dag Dolmøya. Vi finn også øya Dolma i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag. For Dolmøya er der ulike forklaringar. Ei forklaring er at det heng saman med verbet dolme som tyder stilne om vind. Frå andre stader i landet blir ordet dål/dol brukt om opphald, spakning i uvêr. Kan det vere ei forklaring på Dollsøya vere at etter å ha runda Stad, blir vêrforholda betre når ein kjem til denne øya? Namnet står då i motsetning til Frekøya, som er øya der vêret er hardt, uroleg. Og når ein også passerer Kvamsøya, der det opphavlege namnet kanskje kan knytast til brim, skum, så kjem ein til øya, Dollsøya, der vinden ikkje tek så hardt?
Ei anna forklaring på Dolmøya er at det er ei m-avleiing av dul(n) som tyder skjul, gøymestad. Namnet skal då sikte til den gode hamna mellom Dolmøya og Fast-Hitra. Ei tilsvarande forklaring vert også brukt om Dolma i Nærøy. Også på Sandsøya kan ein finne skjul, vern for båtar. Jamfør her Vågen som skjer seg langt inn i øya.
I denne samanheng kan vi også nemne (naud)hamna Angr/Anger som er nemnd fleire gonger i eldre soger. Hamna skal liggje nord for Stad, eller som det vert skrive ein av stadene: «Baglar lögdu j höfn, er heitir j Angri, nordan at Stadi.» Det er delte meiningar om kvar Angr låg. Finnur Jónsson og A. Kjær har plassert Angr på Sandsøya. P.A. Munch lokaliserer også Angr til Sandsøya. Han skriv: «Angr, en meget besøgt Havn paa Dollsey (Sandø), ved den endnu saakaldte Aang-Hamar.»
I Norske Gaardnavne viser ein til fleire namn som inneheld dol(l) og konkluderer slik i samband med namnet Dolsvåg: «Det ser efter disse Navne ud til, at Dollr har været et Fjeld- og Ønavn, her vel opr. Navn på den isoleret liggende Dolsaas. Det kan høre sammen med Dialekternes Dall og Daldr m., hærdet Klump af et blødt Stof; paa same Maade bruges kleppr, engentlig «Klump», i Stedsnavne om Fjeldknatter og Fjelde.»
Og kanskje finn vi her den mest rimelege tolkinga av øynamnet. Det er den store særmerkte steinklumpen, Dollsteinen, sørvest på øya, som klarast hjelper dei sjøfarande til å skilje Sandsøya frå dei andre sunnmørsøyane. Øynamnet, Dollsøya, tyder såleis øya med den store steinklumpen.