Brand(d)dal og Branden
Norske Gaardnavne er på villspor med omsyn til namnet Bran(d)dal
To bygder på søre Sunnmøre blir kalla Brandal.
Namnet på garden Brandal, som for få år sidan vart overflytt frå Sande til Vanylven kommune, blir i «Norske Gaardnavne» forklart med å henge i hop med norrønt brandr i tydinga stokk. Ein meiner der at namnet viser til at elva som renn ut der, har eit rett løp. Ei tilsvarande forklaring gir ein også for Brandal-namnet i Hareid. Den eldste skriftforma vi kjenner for namnet ved Breisundet er Branddal.
Desse gardsnamna har også vore brukt som namn på postopneri. På Hareidlandet vart postopneriet først kalla Brandal i Søndmør. Då postkontoret vart nedlagt i 1997, heitte det berre Brandal. Postopneriet i dåverande Sande kommune fekk namnet Sørbrandal. Det vart lagt ned i 1983.
Gustav Indrebø skriv i samband med innsjønamn som byrjar på Brand at ein utan tvil kan knyte dei aller fleste av desse til substantivet ein brand, og at dei viser «til skogsbrand (brende stokkar som ligg etter), kolbrenning eller brotsbrenning». Han tvilar samstundes på om det er mogleg å knyte brand i tydinga stokk, noko som er langt og beint, til desse namna. Frå mange stader kjenner vi elles til at Branden har festa seg som namn på eit utmarksområde som har blitt svartsvidd etter ein lyng- eller skogbrann.
Anton Espeland har meint at namn som byrjar på eld, brand, røyk og bokn, og som ligg langs kysten, kan vise til eit eldgammalt signalsystem som eksisterte før dei moderne fyrtårna. Elden var lett å sjå om natta. Om dagen var røyken lettare å oppdage.
Espeland viser til at nær Brandasund så finn vi Slotterøy fyr. Ikkje langt frå den vidkjende Kinnkyrkja ligg Brandsøya. På Sunnmøre ligg garden Brandal ved «Breisundet, som fører fra Norskehavet inn mellom Møres mange øyer og nes. Ganske nær ligger den eldgamle storgård Giske og likeså det gamle Borgund, hvor der i middelalderen var en by med kloster og flere kirker, en by som i vore dager er erstattet av Aalesund. Det gamle velkjente «Hjørungavåg», bekjent fra det slag som her fant sted mellom jomsvikingene og Håkon Ladejarl, ligger i nærheten. Det passer utmerket å tenke sig Brandal som stedet for en brand eller ildsignal ved dette meget viktige innløp fra havet til de ovennevnte og mange andre viktige steder, kjent både fra middelalder og oldtid. Jeg synes det er den rimeligste forklaring av navnet. Det store Rundøy fyr står tett ved. Det kan forresten likeså godt tenkes at det gamle ildsignal har stått på selve Rundøy, hvor der står et stort fyr som er opsatt i 1769, da nemlig den høieste fjelltopp på øya heter Branden og er 295 m. høi. Den ligger i nærheten av Brandal, men i Herøy herad, hvor skipaheren fra de omliggende bygder i eldre tider samlet sig.»
I norrønt har brandr også fleire andre tydingar. Det kunne vere ei lang vedskie, eit sverd eller sverdklinge. Ei utskoren fjøl eller stokk som pryda ved ei inngangsdør kunne også verte kalla brandr.
Større krigsskip i vikingtida kunne også få namn som inneheldt ordet brand. Vi finn mellom anna Ognarbranden (frå Ogndalen), Sygnabranden (frå Sogn), Fitjabranden (frå Fitjar), Rygjabranden (branden frå Rogaland) og Borrabranden (frå Borre). Her får skipa namn etter pyntefjøler, brandar, framme ved stamnen. Særpreget for desse skipa var såleis forma på framstamnen. Det er uklart kva som har gjeve namn til desse pyntefjølene på båtstamnar og ved dører. Sjølv om dei seinare vart fargerike og utskorne, kan dei likevel opphavleg ha vore svarte og tjørebreidde.
I sunnmørsdialekten har det vore sagt brand med d til slutt. I dag er ordet i skrift normert til brann. Namna Branden og Brandal heng truleg saman med ei av tydingane av det norrøne brandr. I så fall burde Brandal ha vore skrive Branddal eller eventuelt Branndal om ein skulle følgje normeringsprinsippet.