Svinøya
Svinøya har også hatt namna Landegode og Storskjeret
Hans Strøm fortel at «Landego kaldes i Almindelighed den ubeboede Øe, eller store Holm, som ligger netop 1 Miil i Vest fra Skorpøe, lige ud i det vilde Hav, og meenes at være kaldet saa, fordi det er den første Øe, som falder de Seilende i Sigte, naar de komme Sønden fra over Stat-Havet, og altsaa for dem kan ansees som et godt Land, eller som et Caput bonæ Spei; men ellers kaldes den ogsaa Sviinøe, fordi man aarlig pleier at sætte Sviin derpaa i Mængde, item Stor-Skiæret, fordi den er øde og Klipperiig som et Skiær, og blant alle skiær i Havet det største. Dette sidste Navn er uden Tvivl det ældste og rigtigste».
Eg trur at Strøm konkluderer rett når han seier at Storskjeret er det eldste namnet som vart brukt på søre Sunnmøre. Avleidde namn som Skjerkalven og Skjerkonta, også sagt Skjerkloven, tyder på det. Men i dag har namnet Svinøya, ut frå at det vert nytta på kartet, teke over.
Svinøya er eit namn vi finn fleire stader langs kysten. Som oftast fortel namnet at ein har hatt gåande svin der om sommaren.
Men vi har mange andre stadnamn der namn på husdyr blir brukt åleine eller i samansetjingar. Som regel viser desse namna til ein formasjon som kan minne om eit dyr. Utanfor Skorpesundet finn vi til dømes Purka. Ved stor fjøre stikk berget opp og er sagt å likne på ein gris. Ved leia mellom Flåvær og Nautøya finn vi eit skjer der mange båtar har gått seg frampå. Det har fått namnet Tronden, som var ei nemning i norrønt for ein galte, hanngris. Men vi kan også finne svin brukt i fjellnamn som til dømes Svinetinden i Barstadvika.
Per Hovda meinte at mange av namna som er knytte til ulike nemningar for svin, slik som gris, galte og trond, vert brukt om stader som er farlege for ferdsla til sjøs. Når det var tabu å bruke namn på husdyr om bord i ein båt, meinte Hovda at når slike namn vart nytta langs leia, så var desse ei åtvaring om farlege stader til liks med fyrstellet sine stakar og andre siglingsmerke i våre dagar.
I tillegg til namnet like nord om Stad finn vi også Landegode (Landit goda, Det gode landet) to andre stader i landet. I Oslofjorden har det vore nytta om Jomfruland, tidlegare Aur. Utanfor Bodø finn vi også øya Landegode og Landegode fyrstasjon.
Som ei forklaring på Landegode-namna har ein peikt på at her er ureint farvatn. Folk som fór forbi ville ikkje nemne stadene med sitt rett namn fordi at ein då kunne erte på seg vonde vette.
Eit farleg havstykke er også området ved Svinøya. Ei rimeleg forklaring på namnet Svinøya kunne såleis ha vore at førstelekken svin vert brukt på same måten som Per Hovda seier, at det viser til stader som er farleg for sjøfarande.
Men i fall Svinøya, ifølgje Strøm, har årleg vore brukt til svinebeite, så er det nok rimelegast å knyte namnet til grisehald. Vi finn namnet brukt også andre stader der det er langt smulare farvatn. Likeeins har vi mange Grisholmar, der ein let grisane gå om sommaren. Her kunne dei ete tang i fjøra og grave i marka utan å måtte bli passa på slik ein måtte ha gjort om dei skulle gå ute nær tunet.