Raudøya

Det raudfarga berget har gjeve namn til øya

Illustrasjon frå «Raudøya»

Til Raudøya, som ligg i munningen av Ørstafjorden midt mellom Rjånes og Steinnes, er det knytt fleire forteljingar. Ei historie seier at i ei steinkiste, som ein finn der, ligg berserken Ljot den bleike. Andre meiner at jomsvikingslaget skulle ha stått der.

Hans Strøm fortel at på austsida av Raudøya ligg ein stor gravhaug. Folk har velta til sides så mange steinar at ein kan sjå ei likkiste bygd av stein. Den lokale tradisjonen vil ha det til at Ljot den bleike skal vere gravlagd der. Han skulle ha falle i tvikamp med Fridgeir, som budde på Alme (Alfheim).

Denne tradisjonen samsvarar ikkje med den eldste skriftfesta forteljinga om Fridgeir og Ljot den bleike. Ifølgje soga om Egil Skallagrimsson skulle Egil ha vore på vitjing hos lendmannen Fridgeir på øya Hod. Men kanskje var det heller på øya Vigra sidan det på øya var ein gard som heitte Blindheim? Den spedbygde Fridgeir var utfordra til holmgang av berserken Ljot den bleike. Men kraftkaren Egil tilbyr Fridgeir å stille i staden. Det endar med at Egil gir Ljot banesår. I Egilssoga står det elles at holmgangen skulle ha vore på øya Vorl, som truleg er det same som Valderøya i dag.

Elles går den same forteljartradisjonen om Raudøya, som ein elles har om andre øyar, slik som til dømes Tautra i Romsdalsfjorden: Molda som finst på øya held rotter og mus borte. Difor har folk frå andre stader henta mold her. Denne molda har så blitt strødd på plassar der ein vil halde utyet borte.

I boka "Runetrolldom og ringstav" (frå 1949) har ein samla ein del manuskript etter Sivert Aarflot (død 1817). Her kan ein lese følgjande: "Og en mand Ole Larsen Hovednakken, død i aaret 1794 97 aar gammel, havde igjennem fraasagn og væsser historiske efterretninger alt ifra Hagen Adelstens tider (som skulde nogen tid boe paa Rødøen, da kaldet Freya øe nordenfor Frejr bjerg paa Syndmør), hvoraf meget var fabel, men noget synes dog værdt at anmærkes, saa som: Væsse-stavin, helga-stavin (messestaven) og ring-stavin."

Sivert Aarflot synest å vere skeptisk til Ole Larsen Hovednakken (Hovdenakk) sin versjon om at Håkon Adalstein skulle ha budd på Raudøya. Aarflot meiner at Håkon den gode skulle ha halde til på Sunnmøre. Ut frå namnebruken i Snorre når det gjeld slaget ved Rastarkalv prøver Aarflot å leggje det til Ørstaområdet. Det kan her leggjast til at Hans Strøm ville leggje dette slaget mellom Håkon den gode og Eirikssønene kring år 995 til Kvamsøya.

Då Sivert Aarflot i 1810 skriv i Landboebladet om Håkon den gode og slaget ved Rastarkalv, tek han utgangspunkt i det historiske namnet Birkestrand. Sidan dette har likskap med Berknes og Berkvik, må slaget ha lege ein stad i dagens Ørsta kommune. Freihaugen (Freiberget) skal tyde "Viserberg eller Underviisningsberg" og må vere det same som Lidaveten. Feøya må vere den same som Fridgeir av Alme erobra. Øynamnet, som skriv seg frå Fridgeir, kan seinare ha blitt endra til "Freirøe". Derimot seier Aarflot at dagens øynamn, Raudøya, har fått namn frå ein person, Raud, som budde der. Ut frå kartet som Aarflot brukar til å illustrere det gamle Birkestrand, kan vi konstatere at han legg slaget ved Rastarkalv til Rystelandet. Aarflot seier vidare at soknet og skipreida heiter Ørstad i dialekten. Det vil seie stader der ør gjekk ut.

I det gamle språket skulle ør tyde ordrar eller påbod frå kongen. Den kongen som gav flest slike påbod var Håkon Adalsteinfostre, som dermed må ha budd i Ørsta ifølgje Aarflot. Det kan elles leggjast til at dagens historieforskarar synest å vere samstemte i at slaget ved Rastarkalv stod på øya Frei på Nordmøre.

Folk har prøvd å knyte Raudøya til jomsvikingslaget. Primsig(n)d, eit problematisk øynamn i jomsvikingsoga, er sagt å vere Raudøya. Somme meiner at Raudøya, sett frå Rjåneset, liknar ein nymånesigd, som er ei av tolkingane av namnet Primsigd. Andre har meint at øynamnet Primsignd skriv seg frå at den kristne kongen Håkon den gode primsigna mange folk på øya.

Det var på Primsigd at Håkon jarl ofra ein son i von om å vinne slaget. Og kanskje vart dei fanga jomsvikingane også halshogde der. Ut frå at adjektivet raudr i norrønt skal ha blitt brukt om noko som var "særleg brutalt, blodig og valdeleg" vart såleis "Rauda-eyna" eit naturleg og talande namn som festna seg mellom folk. Det gamle namnet Primsigd gjekk såleis ut av bruk.

Ut frå desse slagteoriane skulle såleis Raudøya tidlegare ha heitt Frei (med ulike skriftformer) og Primsigd. I tillegg kan det nemnast at ifølgje Bjørn Jonson Dale vart Raudøya i 1646 kalla Furtøen. Det namnet skriv seg truleg frå handelsmannen Jonn Førdt som budde på øya tidleg på 1600-talet. Etter Norske Gaardnavne kan vi slå fast at namnet vart skrive Røedøen i 1666 og Rødøen 1723.

I Norske Gaardnavne finn vi også den mest rimelege forklaringa på øynamnet. Raudøya – eit "hyppigt Ønavn, som maa sigte til en rødagtig Bergart." Hans Strøm fortel elles at på Raudøya finn vi ein steinsort som synest å vere ei blanding av leir og sandstein, "hvori sidde mangfoldige røde Qvarts-Kirtler". Det er såleis denne steinsorten med harde raude kjertlar i den elles mjuke steinen som mest truleg har gjeve namn til øya.