Kråka og Kråkøya

Kråka som skjernamn finn vi både i Noreg og Sverige

Illustrasjon frå «Kråka og Kråkøya»

På Søre Sunnmøre finn vi mange stadnamn som inneheld ordet kråke.

Vi kan finne ordet brukt åleine slik som skjernamnet Kråka eller i samansetjingar, som til dømes Kråkøya.

Dei fleste samansette namna med kråke er greie å forstå. Stadnamn av typen Kråkehammaren og Kråkenakken viser som regel til stader der kråka har hatt reir.

Kråkøya høyrer til garden Sande på Bølandet i Herøy kommune. Vi veit at der budde 2 husmenn på Kråkøya i 1799. Tidleg på 1800-talet var desse plassane ikkje lenger i bruk. Men i 1870-åra vart det ny busetnad på øya. Det eine bruket vart likevel allereie fråflytt allereie i 1917. Det andre bruket var i drift til 1953. Då flytte Anton og Oluffa Voldsund, som var brukarar der, til Flusund. Bustadhuset vart teke ned og bygd opp att i Flusund.

Arnfred Slyngstad seier at Kråkøya truleg har fått namnet sitt fordi øya har vore samlingsstad for kråker før folk busette seg der. Vi veit at kråkene på kveldar utanom rugetida ofte flyg til holmar der det ikkje bur folk. Slyngstad viser i denne samanheng til Rasmus Varholm som fortalde at kråker frå store delar av Søre Sunnmøre brukte å samle seg på Flørauden om natta. Ein annan kjend samlingsplass har også vore Eggholmen som ligg i nærleiken. I fall det er store nattesamlingar av kråker som ligg til grunn for Kråkøy-namnet, skulle ein kanskje vente at det tok seg oppatt etter at øya vart fråflytt. Det synest ikkje å ha skjedd. Men samstundes har også bestanden av kråker gått ned, og samlingsmønsteret endra seg. I dag er det mange kråker som heller samlar seg i tette plantefelt om natta i staden for å flyge ut på holmane.

Langs heile norskekysten og også langs kysten av Sverige finn vi skjer som blir kalla Kråka. Det kan også leggjast til at kråke er det fuglenamnet som vi oftast finn brukt i stadnamn i skjergarden. Også i Ulstein finn vi mange kråkenamn. Vi kan mellom anna nemne: Lyngneskråkene, Boholmkråka, Osneskråka, Hatløykråkene, Tjuvholmkråkene, Byholmkråkene og Skeidskråka.

Desse skjera kan ikkje ha vore faste samlingstader for kråker om natta. Dei står ikkje over sjøen ved flod. Per Hovda har også peikt på at kråka skaffar seg mat ved å ta skjel i taren ved fjøre sjø. Deretter flyg ho til vêrs og slepper skjela mot berg slik at dei slår seg sunde. Men heller ikkje det gir noko forklaring på kvifor det er først og fremst små skjer som får kråkenamnet knytt til seg.

Mange meiner at det er den gråsvarte fargen på desse skjera som minner om fuglen, og som dermed er opphav til kråke-namnet. Andre har meint at kråke-skjera ligg i uvanleg stygt og ureint farvatn. Dei er særs farlege for dei sjøreisande. Svale Solheim knyter difor kråke-namna til ei førestelling om at kråka blir sett på feigdefugl, ein fugl som varslar om ulykker. Han viser i den samanheng til W.F.K. Christie som skildrar eit skjer som heiter Kråka utanfor Averøya. Her omkom ofte folk når dei skulle passere «Kraaka, en liden Bjergknold strax østenfor Sveggesund, omgiven med farlige Tarer, som ofte bryde tværtover denne Ulykkesfugl og lige hen paa det ganske nærliggende Averøe-Land».

No kan ein vanskeleg seie at kråke-skjera på Søre Sunnmøre ligg i spesielt stygt og farleg farvatn, men dei ligg i alle fall meinsleg til for dei som ferdast på sjøen. Rett nok har det hendt at båtar har gått seg frampå desse skjera, men utan å ha ført til dei store ulykkene. Derimot har mange omkome ved Kråkøya. Den siste store ulykka her var med snurparen «Linesøy», som forliste i 1952 og der 9 mann omkom.