Rauden

Det er ikkje raudfargen som har gjeve namn til dette skjeret

Illustrasjon frå «Rauden»

Rauden, som namn på skjer, finn vi to stader på Sunnmøre. For å skilje dei frå kvarande, brukar ein stundom namna Flørauden og Alnesrauden.

Begge formasjonane er langstrekte og oppdelte med sund slik at dei eigentleg er ei samling av fleire skjer.

Hans Strøm skriv i si Annotationsbok at like nord «fra Græsøe hen imod Bresund ligger en hoben Knolde Kaldte Ruen». Denne samlinga av knausar må vere Rauden. Ei anna gammal skriveform for Flørauden kan også vere Florodden. I august 1827 forliste trondheimssluppen «Bolette Christine» på det som vart kalla «Florodden» på Sunnmøre. Båten var då på veg til Altona i Tyskland lasta med tran. 14. november same året vart det halde auksjon på Hareid over 130 tønner tran som var berga frå skipet. Samstundes vart det også etterlyst opplysningar om ei kasse med gullmyntar som var forsvunne.

Arnfred Slyngstad seier i «Skjergardsnamn frå Sunnmøre» at namnet Rauden ikkje kan kome av fargen raud, men av gammalnorsk eit hraun. Han viser til Johan Fritzner som omset hraun med «Stendynge, Stengrund». På islandsk blir ordet brukt om «stenet Strækning uden Vegetation, fritstaaende Klipperygge el. Höje med store Sten.»

I «Norske gaardnavne» får vi opplyst at raun (gammalnorsk hraun) tyder naken fjellgrunn og blir ofte brukt om holmar og skjer. Uttalen av ordet kan somme stader vere rogn. Difor kan det ved mange stadnamn vere vanskeleg å avgjere om dei kan førast tilbake til hraun (steingrunn) eller til treslaget rogn som også blir kalla raun. Men at rognetre skulle ha gjeve namn til Flø- og Alnesrauden kan ein sjå bort frå.

I denne samanhengen kan vi også nemne gardsnamnet Rogne på Flemsøya. I «Norske Gaardnavne» blir det sagt at det kjem frå treslaget rogn. Men lokalhistorikaren Karl Rogne får ikkje dette til å passe med dei reelle tilhøva. Han viser til at Per Fett heller foreslo å knyte gardsnamnet til hraun, steinrøys. Rogne meiner difor at ei «steinrøys eller steinrong som me segjer», og som ligg ute i sjøen ved Rognenausta, kan vere opphavet til gardsnamnet.

Slyngstad meiner at då hraun i tydinga steingrunn ikkje lenger var i bruk, vart namnet truleg assosiert med adjektivet raud fordi ein har «tykt at berget var raudvore, eller for di sola ofte ryd desse store skjera som ligg med langsida mot land, – om morgonen når dei for på fiske, eller ved solarglad når dei for heim att (jfr. Rauðafjall, Fritzner)». Det kan òg vera at d-en er eit reint fonetisk fenomen, innskoten mellom diftongen og n-en. Det er såleis ei tilsvarande lydutvikling som ved å grådna i staden for å gråna (bli grå). Slyngstad legg vidare til at ordet har skift frå inkjekjønn til hankjønn. Det er heller ikkje uvanleg sidan namn som ikkje er i levande bruk, ved personifikasjon ofte blir hankjønn eller hokjønn.

Ei tilsvarande endring frå inkjekjønn til hankjønn av ordet raun i stadnamn finn vi også i Rogaland. I boka «Frå Feisteinen til Napen» viser Inge Særheim til at ordet «raun i usamansett form Raunen (Raudn) er brukt om rullesteinstangar på Bø (Randaberg) og Nærland, og om ein holme med rullestein på Kvalbein.»