Kvamsøya

Dagens namn på øya er heller nytt, men kan eit eldre namn kome frå bårene som bryt mot øya?

Illustrasjon frå «Kvamsøya»

For fleire av øyane på søre Sunnmøre manglar ein dokumentasjon på kva dei heitte i norrøn tid. Vi veit mellom anna at Hareidlandet heitte Höð og at Sandsøya heitte Dolzey. Derimot knyter det seg uvisse til kva namn Kvamsøya hadde på den tida. Forslaga har vore fleire: Primsigd, Fræðarey, Brimsing og Brimsgeng.

Dagens namn – Kvamsøya – skriv seg frå garden Kvame som ligg på sørvestsida av øya. Førstelekken kvam vert brukt om dalsøkk, eit område som ligg i livd med høge bakkar kring.

Hans Strøm plasserte kring 1760 jomsvikingslaget til Liavågen og slaget ved Rastarkalv til Kvamsøya.

Med utgangspunkt i Snorre seier Strøm at sidan slaget mellom Håkon den gode og Eirikssønene stod på ei øy ikkje langt frå Stadlandet, må Kvamsøya vere den historiske Fræðarey eller Freidoe, som Strøm kallar ho. Det høge fjellet på Kvamsøya skal ifølgje Strøm ha heitt Freyerberg og dagens Ristesund skal ha bore namnet Freyersund. Rastarkalv er etter Strøm si meining det same som den minste delen av øya Riste og vil såleis vere det same som Ristøe-Kalv. Men sidan Riste ikkje er stort nok til eit slikt slag, må slaget som stod «ved Rastarkalv», ha stått på dei flate markane på Kvamsøya, på Ristesund.

Vi vil i denne samanheng ikkje referere Strøm si skildring av sjølve slaget, men berre peike på at han meiner at dei store gravrøysene ein finn på Kvamsøya har vore bygde av Håkon den gode. Her skulle han ha gravlagt Eigil Ulserk og andre falne som kjempa i lag med kongen. I dag er det vel heller få som støttar Strøm sin slagteori. Det rår stort sett brei semje om at slaget har stått på øya Frei på Nordmøre.

Også andre har meint at dei mange og store gravhaugane på Kvamsøya og Storholmen må vere eit bevis på eit stort slag. Dei same gravrøysene blir difor brukt som argument for dei som vil leggje jomsvikingslaget Haugsfjorden ved Kvamsøya. Ein seier her at Kvamsøya tidlegare har hatt namn som Bringsinghaug og Brimøy. Desse namna skil seg ikkje så mykje frå det mystiske øynamnet Primsignd, som skal liggje nord for den historiske Hjörungavågr. Og det er namnet Primsignd som har utvikla seg til Bringsinghaug ifølgje denne teorien. Reint språkleg kan det kanskje førast betre argument for å leggje jomsvikingslaget til Kvamsøya enn for å leggje slaget ved Rastarkalv dit. I kristenretten for det eldre Borgartinget har ein nemleg brukt brimsignan i staden for primsignan = primsigning.

I somme tilfelle kan ein på øyar vere heldig å finne eit gardsnamn som er likt med det opphavlege øynamnet, slik som Runde og Dimna. I andre tilfelle kan gardsnamn vere avleidde frå øynamnet, slik som Hareid, Hasund, Haddal og Havåg frå Höð. Garden Bringsinghaug, i dag sagt berre Haue, blir i Aslak Bolts jordebok, som er eldste kjelda vi har, skrive Brymsingahaugh. I Norske Gaardnavne trur ein at det er eit tidlegare namn på Kvamsøya som løyner seg fremst i dette gardsnamnet. Øya kunne såleis ha heitt *Brimsing. I denne samanhengen viser ein til ei utgåve av Snorres Edda, til Eddu-brot, der ein i ei tilfeldig rekkje ramsar opp namn på øyar, også har øynamnet Brising.

Førstelekken meiner ein er brim – brenning, bårebrot mot land. Dette ordet går att både i øynamn og andre namn langs kysten. Jamfør Bremanger og Bremsnes. Sistnemnde blir skrive Brymsness i Aslak Bolt. Norske Gaardnavne reknar med at sistelekken i Brising er avleiingsendinga –ing. Sophus Bugge derimot meiner at øynamnet *Brimsing har oppstått av *Brimsgeng, som igjen er avleidd av brimsgangr = kraftig brenning. Jamfør båregang.

Primsigning er eit lånord som kom inn med kristendomen. Det er difor lite truleg at Primsigd vil vere det norrøne namnet på Kvamsøya. Der vil ei tolking av førstelekken i Brymsingahaugh i retning av brim stå sterkare. Men dersom namnet Brymsingahaugh ikkje har øynamnet som utgangspunkt, men berre er knytt til garden Bringsinghaug og då først og fremst til ein stor gravhaug der, kan ei tolking i retning av Primsigd vere tenkjeleg, men likevel ikkje den mest rimelege. I denne gravhaugen skal ifølgje ei gammal segn, som biskop Neumann refererer til for nesten 200 år sidan, vere gravlagd ein konge som skulle ha heitt Bringsing.