Holstad

Tradisjonelt har ein ville forklare gardsnamn som enda på stad til å kome frå personnamn, men det stemmer truleg ikkje for Holstad

Illustrasjon frå «Holstad»

Ivar Aasen forklarar ordet hol (m) som ”en lav Høi, en tør og jævn Forhøining i en Myr eller paa en lavt liggende Flade”.

I norrønt hadde ordet forma hóll (m), og i Norrøn ordbok peikar ein på at namnet ofte vert brukt om ein låg og rundaktig haug. Ordet hol er på våre kantar mykje brukt i stadnamn – både som førstelekk og sistelekk. Namnet Kaldholen i Hareid fortel oss at denne låge høgda har fått namnet fordi her kan vere kaldt. Matrikkelnamnet Holsekre i Ulstein, til vanleg uttalt Holsekrane, har fått namnet fordi der har lege ekrer, attlagde åkrar.

Inst i Snipsøyrdalen har vi gardsbruket Holen, og Holesanden har fått namnet fordi dette strandstykket høyrer til bruket.

I Norske Gaardnavne blir gardsnamnet Holstad i Hareid forklart med at førstelekken – hol – er ei samandraging av norrøne mannsnamnet Hugleikr. Det blir vidare sagt at på Nordmøre har dette namnet på 1500-talet også hatt skriveformer som Holegh og Hovlik. Bygdeboka for Ulstein og Hareid brukar også denne forklaringa.

I ein periode tenderte enkelte stadnamngranskarar til at dei fleste gardsnamn som enda på stad hadde eit personnamn som førstelekk. Ringstad av mannsnamnet Ringr, Grimstad av mannsnamnet Grimr, Nevstad av eit persontilnamn – Nef, Barstad av mannsnamnet Börkr, osv.

I fall det ikkje var mogleg å knyte gardsnamnet til eit personnamn, så var neste løysing å knyte det til eit elvenamn. Dermed vart Almestad forklart av elvenamnet Alma. Aurstad kom anten frå elvenamnet Aur eller Aura.

Restnamna med -stad kunne så få ulike forklaringar ut frå særmerke ved garden. I seinare år har tendensen gått i retning av å forkaste mange av dei gamle forklaringane knytt til personnamn og elvenamn. I staden prøver ein oftare å knyte namnet til plasseringa av garden. Kanskje kan det også vere naturleg å gjere for gardsnamnet Holstad?

Mange seier i dag Holane i staden for Holstad. Og truleg gjev dette oss ein peikepinn på den enklaste og rettaste forklaringa på namnet Holstad. Namnet kjem frå at garden ligg på ei låg høgde, ein hol, med myrområde kring.