Skjenstødet

På varme sommardagar kunne kyrne samle seg på stader der dei ville unngå fluger

Illustrasjon frå «Skjenstødet»

Eit ”skinstøde” er ifølgje Ivar Aasen: ”Et Sted hvor Køerne søge Skjul i Sommerheden, eller hvor de finde Leilighed til at værge sig for Bremserne, saasom i en stor Skygge eller paa en Grunding i Vandet. Nogle steder Skjinstøe.”

Ser vi oss rundt på søre Sunnmøre, vil vi finne ei mengd skjenstø-namn. Uttalen her er som oftast nærare skjinstø. Dei minner oss om ei tid då det var vanleg å ha kyr på beite i utmarka. På varme sommardagar skjena (skjina) kyrne. Dei søkte då til stader der dei kunne sleppe plagsame fluger. Det kunne vere slik som Aasen peikar på, at kyrne søkte ut på grunner i vatna eller til ein haug med litt vinddrag.

Det var viktig å ha lovleg tilgang til gode skjenstødplassar, også på annan gards grunn i utmarka. Dermed kunne ein i eldre tider også få tinglyst skjenstødrettar.

Eit støde vert også brukt om ein fiskeplass på sjøen. Kan dette ordet ha same tyding som sistelekken i skjenstøde? Vil eit fiskestøde vere ein stad der fisken samlar seg og held seg i ro? På same måten samlar også kyrne seg i eit støde.

Fleire som eg har intervjua om stadnamn, brukar Skjenstad i staden for Skjenstøde. Til dømes seier ein Skjenstadneset om eit nes i Løsetvatnet der kyrne samlast når dei skjena. Andre stader i landet kan ein også finne namnet i forma Skjensto(d). Somme har også oppfatta eit støde som å vere ei stø, plass der ein dreg fram ein båt. Dermed kan ein også møte på forma Skinstøa.