Rjøda
Tarevaksne område på botnen blir kalla rjød etter raudfargen
På Sunnmøre finn vi namnet Rjøda fleire stader på kysten. I Ulstein har vi namnet både på Flø og på Store Vikholmen. På sistnemnde stad er Rjøda ikkje lenger synleg på grunn av fyllingar. I Herøy ligg Skagerjøda ved Nerlandsøya.
Knut Kopperstad som drøfta namnet i 1915, seier at ei rjød vert brukt om ein tareskog som veks på steingrunn og der taren stikk uto ved fjøre sjø. Elles kan ein også bruke rjød om ei taresamling på djupare vatn, der fargen på taren bryt med kringliggande lysare sand.
I utgangspunktet vil det vere nærliggjande å setje namnet i samanheng med raudfarge. Jamfør substantivet rode som tyder raudleg farge, raudleg skin (frå sola). Det tilsvarande verbet å rode blir uttalt å rjø(de) på Sunnmøre.
Men Kopperstad forkastar denne forklaringa og grunngjev det med at taren på djupt vatn ikkje ser raud ut, men er heller mørk blåfiolett. Han forkastar også forklaringa om at ei rjød kunne ha same tyding som eit rjød, lysning i skogen. Dermed endar Kopperstad med å ta utgangspunkt i gammalhøgtysk hriot som skal tyde siv, skog av siv. Ei norrøn form av dette ordet vil truleg ha vore *hrjóð. Men Kopperstad er likevel ikkje sikker i sin konklusjon: «Men det, at et ord, som i en række germanske dialekter betegner en ferskvansdsplante eller en samling av saadanne planter, i gammelnorsk skulde være brukt om en samling havplanter saa vidt forskjellige frå siv, som taren nu engang er, det er unegtelig noget paafaldende.
Andre som har drøfta namnet seinare, tenderer til å knyte det til raudfarge. Hjalmar Falk i eit tilsvar til Kopperstad peikar på at taren, som kan kallast purpurfarga når ein ser han på djupt vatn, gir eit raudt inntrykk når han bryt vassflata, og raudfargen er også dominerande når han ligg i fjøra og rotnar. Falk viser også til at taretorsken også får raudfarge av taren han oppheld seg i. Det kan vidare nemnast at Alf Torp med tilvising til Sunnmøre merkeleg nok har ordet som inkjekjønn og ikkje hokjønn som synest å vere einerådande i dag. Han definerer eit rjod (rjød) som «tang-krat på sjøbunden».
Arnfred Slyngstad seier i «Skjergardsnamn frå Sunnmøre» at ei rjød – han skriv rjod – vert brukt om tarevaksne stein- eller berggrynner, fluder, helst nær land. Han støttar også Falk si innvending mot Kopperstad og meiner at ordet ikkje bør skiljast frå norrønt rjóðr, raud, raudvoren.
Og ser vi nærare på dei to rjødene vi finn i Ulstein, må dei nok helst kallast tarevaksne steinrøyser. På Store Vikholmen har vi forresten to steinrøyser som ligg tett ved holmen. Den steinute tangen som stikk ut i retning av Lisje Vikholmen blir kalla Rjøda, medan steindungen som ligg på innsida av holmen blir kalla Røysa.