Leikanger
Her har folk samlast til leik
I Sogn og Fjordane har vi namnet Leikanger både ved Sognefjorden og på Stadlandet. På Sunnmøre finn vi det stundom også brukt om Leikong på Gurskøya.
I Sogn var namnet utdøydd i daglegtale. Men vi har der gamle skriveformer som Læikangom, Læikwangum og Leikanger. På Stad finn vi skriveformer som Ledanger, Leganger og Leckanger. Liknande namneformer har vi også for Leikong på Gurskøya. Som nemnt har vi ingen ubroten uttaletradisjon for Leikanger i Sogn. Men namna på Stad og på Gurskøya vert uttala likt – Leikong. For å skilje desse to vert det stundom sagt «Leikong på Stadt» og «Gurske-Leikong».
Utifrå dei gamle skriftformene skulle det vere nærliggjande å tru at sistelekken er angr. Svensken Gösta Holm, som har gjort ei utførleg gransking av dei nordiske angernamna, meiner at namnelekken angr ikkje har vore aktiv ved nylaging av namn det siste tusenåret. Vi finn til dømes ikkje angr-namn på Island. Holm konkluderer med at angr kan opphavleg ”har betytt ”forträngning”, specialiserat till ”trång vik eller fjord”, eller att det ursprunglig har haft den allmännare betydelsen ”vik, fjord”.” Vi finn mange angr-namn i Noreg. Mellom dei mest kjende er Stavanger, Hardanger, Høyanger, Bremanger, Geiranger, Orkanger, Levanger og Varanger.
I ”Norske Gaardnavne” seier ein at gardsnamnet Leikanger opphavleg må ha vore Leikvangr. Det skal ha kome av leik og vangr (grasgrodd slette). ”Navnet betegner saaledes egentlig Plads, hvor en Bygds Befolkning har samlet sig til forskjellige Slags Lege. Det forekommer på mange Steder, til dels i noget ukjendelige Former (som Leikvam, Lekvam, Lekum). Når skriftformene her og ofte ellers har beholdt –er i Endelsen, maa det vel forklares af, at man, efterat v var faldt bort i Udt., har forvexlet siste Led med det i Navne hyppige angr.”
Gösta Holm har i si avhandling synt til mange namn som han meiner er samansette med leik og vangr. Holm konkluderer med at v i vangr har falle bort på nordre Vestlandet, i Nordland og Troms. For nokre av desse namna kan ein finne spor etter vangr når ein har gamle skriftformer, slik som for Leikanger i Sogn. Ved enkelte namn, slik som Leikanger på Stadlandet er det vanskeleg å finne ein naturformasjon som kan indikere at angr ligg til grunn. Samstundes veit vi at gamle skrifter talar om Angr, ei naudhamn som skal liggje nord om Stad. Denne staden er ikkje sikkert lokalisert, men alternativa som ofte blir dregne fram er Gjerdsvika (Sandanger), Flåvær, Haugsholmen og austsida av Sandsøya. Derimot kan det vere litt trongare farvatn ved Leikong på Gurskøya. Men også her er nok den mest rimelege forklaringa at sistelekken er vangr i tydinga slette.