Handfongenet/Andfongenet

Publisert 5. juni 2013

Synst på Runde ligg ein stor og avrunda bergknoll som blir kalla Søre Handfongenet. Ein liknande koll på nordenden av øya blir kalla Nøre Handfongenet. Attved Søre Handfongenet ligg også Handfongensskaret. I tillegg kan det nemnast at ein koll i sida på Røyrafjellet på Dimna blir kalla Andfongenet og at skaret ovanfor heiter Andfongensskaret.

Illustrasjon frå «Handfongenet/Andfongenet»

Det har vore mykje diskutert om ein har med halvemål å gjere ved desse namna. Er førstelekken and eller hand?

Knut Kopperstad fortel elles fylgjande om opphavet til namna på Runde: "Ein gong han St. Olav fór nordetter, såg han at Rondet stengde vegen for han. Sundet mellom Ronda og Remøya var både for trongt og for grynnt, og han hadde ikkje tid til å halde utom. Tok han då med eine handa i sørsida og med hi handa i nordsida og lyfte heile øya lenger ut dit ho no ligg. Men der han tok i, kom på begge sider ut med ein stor kul, som han heldt i, medan han flytta øya. Desse to kulane er det ein kallar Søre og Nøre Andfånganet."

Men der er nok ein versjon om korleis desse fjellkollane fekk namn. Martin Bjørndal fortel følgjande i boka «Segn og tru»: «Der budde ein gong ein rise på Runde i Herøy. Næraste grannen hans budde på Ulstein. Den breide Ulsteinfjorden ligg imillom. So vart risane usams ein gong. Risen på Runde tok veldige steinar og hivde over fjorden til Ulstein. Der stend endå to av dei nede i fjøra. Runderisen hadde mange smårisar til å bere stein åt seg, men dei vann ikkje bere so fort som han kasta. Då vart han storsint og greip med begge armane um storfjellet på Runde. Men det makta han ikkje. Men faret etter armane syner den dag idag i søre og nøre Handfangane».

Etter desse segnene går det fram at ein meiner namnet Andfånganet/Handfånganet vil tyde "handtaket" eller noko liknande.

Kopperstad har uttalen Andfånganet. Uttalen eg har høyrd av folk frå Runde er Handfongenet.

Eit fang, eit fangan/fongen, vert ikkje brukt om noko ein grip om med hendene, men om noko som ein femner om med armane, til dømes eit fangan med ved eller høy. Uttalen på ytre søre Sunnmøre av ordet fangan er i dag eit fongen. Ivar Aasen har skriveforma fangan. Den same brukar Kopperstad.

Ut frå at fangan/fongen viser til noko ein held om med armane, meiner Kopperstad at det er lite truleg at førstelekken er hand. "Forleddet må være partikkelen and og sammensetningen i og for sig betyde fjellknollen likeoverfor (: en annen lokalitet)." Jamfør her ordet andføttes.

Han viser til anddør, ei dør på motsett side av hovuddøra. Og same kva fangan som ligg på kvar si side av Runde, har ein det andre fanganet som andfangan – det fanganet som ligg motsvarande til.

Men på Dimna kjenner ein ikkje til eit motsvarande Andfongen, slik som på Runde. Det svekker Kopperstad si tolking av formasjonane på Runde. Kan førstelekken likevel vere hand? I så fall vil namnet på Dimna vere halvemål.

Andre stader i landet blir eit handfang brukt om eit handtak, som til dømes på ein høvel. Vi finn også ordet ein handfange brukt i same tyding. Eg held det difor som mest rimeleg at førstelekken i Handfongenet på Runde er ordet hand. Eit fangan/fongen er det du grip om med armane, men eit handfangan/handfongen er det du grip om med ei hand.