Hemingen
Kjem namnet på dette skjeret frå ein person som forliste der?
Ein naken holme eller høgt skjer utfor hamna på Flø blir kalla Hemingen. Uttalen er ofte Hæmingen. I dag er namnet Hemingen også brukt om eit blandakor med utspring frå Flø. Det vert fortalt at ein bygdedokter som forliste på Hemingen, fekk skjernamnet knytt til seg som ei evig påminning om hendinga.
Knut Kopperstad skriv følgjande om Hemingen: «Ved Sunnmørskysten finnes der vel neppe nogen grænd, hvor man like frå bebyggelsens første tider har følt sterkere trang til dækning, vern, beskyttelse (mot havet) end på Flø og nabogaarden Roppanne; her ligger strandlinjen – og den lave bø – i flere kilometers utstrækning nærsagt hjælpeløst utsat for Nordhavets raseri. Dette er navnlig tilfællet under nordvestlig storm; da velter havbølgerne sig uhindret fremover det brede havstykke mellem Godøen og de sørsunnmørske øer – Runde, Rimøylandet, Bølandet – like inn på Flø- og Roppemarkene.
Følelsen av vergeløshet overfor denne overmagt kan nok ha faat stedets beboere i gamle dager til at gi dette lille skjær et navn, hvis betydning var «det ubetydelige vern».»
Kopperstad viser vidare i si drøfting av namnet at i norrønt skal hemingr (m) tyde skinn på bakfoten av eit dyr. Ivar Aasen gir i tillegg to tydingar av namnet: 1) Skikk, orden. 2) Hell, lykke.
Kopperstad får ikkje den norrøne tydinga til å høve. Derimot er det mogleg å knyte skjernamnet til hell, lykke: «Men i saa fall maatte det sigte til en eller anden hændelse som f. eks. at en farlig eller almindelig forhatt mann er omkommet ved at støte paa («setje fram på») skjæret. En annen mulighet er, at navnet oprindelig er ment ironisk.» Men til denne moglege forklaringa manglar Kopperstad opplysningar som kan vere til støtte.
Kopperstad går difor vidare i si drøfting av namnet og peikar då på at namnet kan vere avleidd ei norrøn stamme «hamr» som skal tyde «klædning, bedækning». Ei vidare utvikling av dette ordet kan lett føre til «vern, beskyttelse». Naturnamnet Hemingen vil såleis kunne tyde «vernet», «beskyttelsen». Alternativt dersom endinga -ing kan oppfattast som nedsetjande, svekkande, så kan Hemingen tyde «den ubetydelige dækning», «det ringe vern». Jamfør her også verbet hemja som tyder hemme, halde tilbake, stanse.
Arnfred Slyngstad har i «Skjergardsnamn frå Sunnmøre» problem med å godta Kopperstad si tolking. Slyngstad meiner derimot at det er det gamle mannsnamnet Hemingr utan noko tillegg som har blitt brukt som stadnamn. Han viser i denne samanheng til eit skjer ved Sandsøya som heiter Eiriken, og som skal ha fått namn etter ein person som heitte Eirik.
Vi veit om ein person som forliste ved Hemingen. Martinus Aasebø (1841–1926) frå Folkestad i Volda kom ut for storm då han som ungdom skulle heim frå Runde, vert det fortalt på Folkestad. På Flø er tradisjonen at Aasebø låg til fiskje på Vattøya. I mørke og uvêr dreiv han på dette skjeret utanfor Flø. Robåten kvelva, og Aasebø kom seg så vidt opp på skjeret. Der vart han verande heile natta. Om morgonen såg folk på Flø ein mann som sprang fram og tilbake på skjeret. Det gjorde han for å halde varmen. Ein småbåt vart sett på sjøen, og Aasebø vart berga i land.
Det er ikkje uvanleg at folk som har vore ute for eit uhell, får eit tilnamn som skal minne folk om hendinga i all ettertid. Ein har halde det mest rimeleg at Aasebø fekk tilnamnet Hemingen etter forliset. Men kanskje kan ein snu på det. I fall Aasebø allereie hadde tilnamnet Hemingen som ungdom kring 1860, så er det nettopp at han hamna på dette skjeret som gav det eit nytt namn.
Aasebø, som seinare flytte til Storeide i Vanylven, skulle utvikle gode evner til å lækje leddskadar.
Vilhelm Ringstad har fortalt følgjande historie om ei kone som hadde slege seg forderva på ei skulder og med etterfølgjande verk: Det vart sendt bod på Hemingen. Han kom og hadde med seg eit stort trådnøste som hjelpemiddel. Mannen og kona låg då og kvilte middag. Men «dokteren» beordra mannen ut av senga og kraup sjølv oppi til kona. Ved å presse trådnøstet oppunder arma på kona og trykke handa ned ved olbogen, fekk han skuldra i ledd. Og kona kom seg snart etter dette.
Etter at Aasebø vart vidkjend for sine evner til å ordne med hender og føter som hadde gått ut av ledd, vart han også kalla Hemingdokteren. Somme har også sagt at han eigentleg var første kiropraktoren på Sunnmøre. Aasebø skulle seinare hamne i klammeri med legestanden, og han vart også dømd etter kvakksalvarlova.