St. Olavsholet
Segnfiguren St. Olav har sett spor etter seg i mange stadnamn
Det er ingen annan norsk segnfigur som har sett så mange spor etter seg som St. Olav. Frå Snorre har vi rimeleg oversikt over kva reiser Olav den heilage gjorde, men segnene plasserer han også mange stader der han truleg ikkje har vore.
Fleire av forteljingane om St. Olav knyter seg til ferder han gjorde til sjøs og over land. Med båten sin kløyvde han fjell og laga fjordar, der det tidlegare var uråd å kome fram med båt.
På Skorneset i Austefjorden, nær båtnaustet til Hamre og Håvika notlag, finn vi St. Olavs-holet. I flodmålet der finn vi ei jettegryte med opning i botnen. Eit lite stykke frå ser vi spora etter ei anna jettegryte der heile fremste halvparten er borte.
Hans Strøm fortel at når folk skal forklare desse naturformasjonane så viser dei til St. Olav. Helgenkongen ville ein gong fortøye båten sin her ved neset, men fann ingen plass å feste landtauet. Han prøvde først å lage eit hol i berget, men berget rivna. Det er spor etter dette holet vi ser i den øydelagde jettegryta. Dermed laga St. Olav nok eit hol i berget: "nemlig det her beskrevne St. Ols Hull, som og meget vel kunde tiene til saadant Brug."
Det kan vidare nemnast at ifølgje lokal tradisjon har også andre kjende historiske personar fortøydd her. Snorre fortel at Håkon jarl før slaget mot jomsvikingane var i Hallkjellsvik i Volda. Somme har meint at han også var lenger inn i fjorden og la seg til her ved Skorneset.
Ved fjøre sjø kan ein gå inn i holet i botnen. Ved flod sjø er denne opninga dekt, og jettegryta ser då ut til å vere ei gryte fylt av vatn.
Mange drikkevasskjelder med St. Olav i namnet er sagt å ha lækjande kraft. Likeeins kan øyar og holmar der St. Olav har vore på land, ha blitt kvitt rotter og mus. Når det gjeld St. Olavs-holet i Austefjorden, fortel Strøm at folk har meint at dette holet har kraft til å lækje ryggverk. Dei har trudd at verkbrotne ved berre å krype gjennom holet straks ville bli kvitt plagene sine. Men presten Strøm stilte seg tvilande til om dette ville kunne vere til hjelp: "Om nogen af een Erfaring kan stadfæste denne Cuur, veed jeg ikke, men har god Aarsag til at troe, at man paa denne Maade lettere kunde faae et Rygbeen afbrudt end læget."