Fosnavåg
Den løynde vågen
Dei eldste skriveformene for Fosnavåg er Fossenwoig i 1603 og Fosenuog i 1606. Namnet blir i daglegtalen oftast brukt i bunden form – Fosnavågen eller berre Vågen.
Førstelekken i dette namnet er fólgsn (f), som vert sagt å tyde gøymestad. Dette er sagt å vere brukt i Snorres Edda om (Stor)fosna i Trøndelag. Dei eldste skriveformene er fólskn og fólksn.
Substantivet fólgsn blir knytt til verbet fela som tyder gøyme, løyne, skjule. Fela vert bøygt slik: fel; fal, fálum; folginn. Dermed skal Fosnavåg tyde den løynde vågen eller vågen som er ein god gøymestad. Og med det smale innløpet til vågen er han ikkje lett å oppdage for dei som ikkje veit om han.
Vi finn førstelekken fólgsn i mange øynamn. Mellom anna i Storfosna i Ørland kommune. Fosna er også brukt om ein holme ved Hitra. Ein reknar også med at Fosna har vore eit eldre namn på Kirklandet, som no er ein del av Kristiansund kommune. I Trøndelag har vi også avleidde namn som Fosenhalvøya. Ei øy ved Karmøya heiter også Fosen.
I Norske Gaardnavne blir det sagt at fellesnemnaren for øyane som heiter Fosna/Fosen er at der finn vi ein våg der båtar kan liggje skjult. Føremålet var truleg ikkje først og fremst å unngå å bli oppdaga, men at der var ei god hamn i uvêr.
Hans Strøm brukte i si tid Myklebustøe om øya som i dag heiter Bergsøya. Truleg er verken Bergsøya eller Myklebustøya det opphavlege namnet på øya. På bakgrunn av dette stiller ein i Norske gaardnavne også spørsmålet: Kan Fólgsn vere eit endå eldre namn på Bergsøya og kanskje det "opphavlege" namnet? Men som svar på kva namn som tidlegare kunne ha vore brukt om øya der vi finn Fosnavågen, kan der også vere andre alternativ enn Fólgsn.