Flåvær

Samanlikna med øya kring er Flåvær heller låg

Illustrasjon frå «Flåvær»

I Norske Gaardnavne blir namnet "Flåvær" tolka til å ha samanheng med ordstamma Froð. Dette vert vidare knytt til froða (f) og frauð (n) som tyder fråde, skum. Ein meiner her at r i førstelekken har gått over til l, slik som ved Flovær på Helgeland. Desse namna skal såleis kome av at sjøen bryt mot desse øyane, som ligg heller opne til mot havet. Sistelekken er vær – i tydinga stad ein oppheld seg for å drive fiske eller fangst. Opphavleg reknar ein med at folk berre oppheldt seg på eit vær i visse sesongar av året, men at der seinare kan ha vorte fast busetnad.

Dei eldste skriftformene av Flåvær som Norske Gaardnavne viser til, er Flouer i 1606 og Flaawehr i 1666.

Knut Kopperstad polemiserer mot tolkinga som knyter namnet til fråde, skum. Han meiner at førstelekken i Flåvær er adjektivet flå som ifølgje Ivar Aasen tyder "aaben, vid oventil, ikke smal eller dyb". Kopperstad seier vidare at dette passar framifrå på øygruppa og legg vidare til: "At opfatte forleddet som "froð-" fraade, skum, synes her ikkje mere paakrevet enn ved "Flåskjer". Noget "Skumvær" er Flåvær ikke."

Flåskjer blir i Norske Gaardnavne tolka til å tyde eit flatt skjer. Men sidan der ikkje er eit slikt skjer ute i sjøen, må skjer i denne samanhengen vise til nakne berg på land. Det vert her vidare peikt på ordet flåberg som tyder ei "vid nøgen nogenlunde jævn Bjergflade".

No kan ein ikkje seie at Flåvær, som er samansett av fleire holmar, berre er ei jamn bergflate. Her er både haugar og sælder, men samanlikna med dei høge øyane ikring er det ikkje urimeleg å seie at Flåvær er heller flat. Dermed er truleg Kopperstad si tolking av namnet den mest rimelege.