Grasøya og Skjervøya

Som namna fortel veks det gras på Grasøya medan Skjervøya er snau

Illustrasjon frå «Grasøya og Skjervøya»

Hans Strøm skriv mellom anna om Grasøya: «Græs-Øen», en rundaktig, jævn og Græsriig Øe, som i de ældre Tider siges at have havt 2de Oppsidre, men skal siden være bleven forladt af samme Aarsag, som den forhen beskrevne Erknøe i Borgunds Sogn, med hvilken den baade i Størrelse og andre Egenskaber kommer meget overeens, fornemmelig deri, at den ved sine Klipperige Strandbrædde har en Deel store Bierg-Huuler, som tiene Faarene til et Henflugts-Sted og Skiul i ondt Veier, saa at de her kan gaae ude heele Aaret igjennem, baade Vinter og Sommer, uden nogen Slags Pleie eller Tilsyn. Dertil bruges den da og egentlig nu omstunder, foruden at den aarlig giver lidt Høe af sig;»

Om Skjervøya seier Strøm: «Skiervøerne, en Samling af Øer, eller rettere nøgne Holme, som ligge i en Strækning strax Vesten for Græs-Øen, og bestaae af lutter Klipper, hvor intet Creatur kan oppholde sig, undtagen Søe-Fuglene og Kobben. Denne siste skal her i de ældre Tider være fangen paa en artig Maade, som nu omstunder er ganske ubekiendt, nemlig ved visse i Klipperne fæstede Jern-Pigger eller Fod-Angler, i hvilke Kobben, naar den efter Sædvane væltede sig ned ad Klipperne, for des hastigere at kunde naae Søen og undgaae Fiskernes Efterstræbelse, blev hæftet og standset saa længe, at Fiskerne ved Hielp af en Aare, eller andet saadant, kunde faae Leilighed til at dræbe og fange den.»

Strøm har gjennom si skildring av desse to stadene gjeve oss ein peikepinn for namnelaginga. Grasøya har fått namnet fordi ho er grasvaksen. Skjervøya fordi ho er snau, berglendt.

Ei tilsvarende namnelaging finn vi forresten for Skvetteskjæra nordaust for Lyngøya. Her skil ein på same måten mellom Bergskvetta og Grasskvetta.

Då det kom fyr på Grasøya i 1886, fekk øynamnet plutselig fleirtalsform – Græsøerne. I dag har namnet blitt normert til Grasøyane. Dermed kan ein i dag stundom høyre denne fleirtalsforma brukt av folk som har lært øynamnet frå sjøkart og ikkje gjennom oppvekst i Ulstein.

Når det gjeld namnet Skjervøya, finn vi det også i Troms. Der har det også blitt kommunenamn – Skjervøy. I denne samanheng kan vi nemne at det tidligare var ein båt i Ulstein som hadde namn etter naboøya til Grasøya og heitte «Skjervøy». Han forliste etter at tyskarane tok han under krigen. Då reiarlaget i Ulstein kjøpte «Barden» etter krigen og ville kalle han «Skjervøy», vart dette nekta fordi det i Troms eksisterte ein rutebåt som var oppkalla etter øya der og såleis kunne føre til namneforveksling.

Slår vi opp i ordboka finn vi at skjerv tyder nakne berg. I norrønt kunne namnet vere både hokjønn og inkjekjønn. Ivar Aasen seier at eit skjerv, eit skarv, er «en nøgen klippe, et Berg hvorpaa intet voxer. Især om stenige Høider paa Fjeldene.»

Vi finn skjerv-namn spreidd over heile søre Sunnmøre. Her er namnet hokjønn. Men kjem vi andre stader i fylket vårt, kan det vere inkjekjønn. Eit anna ord med same opphav og tyding er skarv. Det mest kjende i så måte er Hallingskarvet. Og i Trøndelag kan vi finne mange fjellnamn som heiter Skarven. På grensa mellom Røros og Ålen finn vi på eit heller avgrensa område både Storskarven, Litjskarven, Molingdalsskarven og Nersjøskarven. Dei har fått namna sine fordi der er snaue berg på toppane.