Køyla
Vikar med eit heller trongt innløp har stundom fått namnet Køyla
Slår vi opp i ei ordbok på ordet keile/køyle (f) så finn vi mellom anna følgjande forklaringar: smalt sund, lita renne eller kanal, lita vik med trongt, grunt innlaup (høveleg til båthamn). Vi finn namnet over heile Sunnmøre i forma køyle, uttalen er kjøyle. I Ulstein finn vi namnet på Dimna og ved Rauden. I Herøy kallar ein sjøstykket mellom Skotholmen og Sævikane for Køyla. Likeeins var Køyla ved Skorpa beste hamna i nærleiken av gardane der. Utløpet var grunt, men skjera rundt gav vern så lenge båra ikkje vart for stor.
I gammalnorsk hadde ordet forma keila (f). Det har truleg felles opphav med ordet kíll (m). Det sistnemnde finn vi i dag att i ordet kil som blir brukt om ei trong vik som skjer seg inn i landet. Jamfør her gardsnamnet Kile, som er ei dativform, og Kilsfjorden i Volda.
Og skal vi drage ein konklusjon over kva for tyding sunnmøringane legg i ordet køyle, så er det helst om ei lita vik, eller eit sjøstykke der ein kunne liggje skjerma, med trongt innløp, framfor å bruke det om smale sund eller renner.