Ølkona

Eit ikkje uvanleg namn på gode drikkevasskjelder er Økona

Illustrasjon frå «Ølkona»

Når folk skal karakterisere drikkevasskjelder, har dei ofte nytta seg av ord knytt til andre drikkar. I slike samanhengar har ordet øl blitt flittig brukt. Og ikkje nok med det. I Sogn har vi fleire døme på at godt vatn har blitt til vin.

På sørsida av Aursneset (Orsneset) i Ulstein ligg ei oppkome som har fått namnet Ølkona. Tidlegare når folk frå Eiksund rodde til Leikong, kyrkjestaden deira, stoppa dei ofte her og drakk seg utørste.

Ølkona er eitt av dei mange stadnamna som folk i utgangspunktet ofte trur er einestående og lokalt, men som viser seg å vere vanleg over store delar av landet. Til dømes har Kåre Flokenes funne Ølkona brukt fire gonger om små elvar og oppkomer i Askvoll kommune. På Hardangervidda har Botolv Helleland registrert det som namn på ein bekk der folk endeleg kunne drikke seg utørste etter å ha gått ei lang strekning utan tilgang på vatn. I "Norske elvenavne" viser Rygh til at han har funne namnet på to bekkar i Nordland. Han forklarer det med at sistelekken kan "efter Dialektforholdene neppe være andet end –kaanaa = -kona. Mulig et spøgende Navn, begrundet i, at man har brugt at lægge til for at drikke af Bækkene."

Det som ofte synest å vere felles for desse ølkone-namna er at dei vert brukte om stader der folk kunne finne godt drikkevatn anten dei gjekk til fots på sætrevegar eller fór med båt langs kysten. Det har vore fundert på om førstelekken øl kunne ha samanheng med olle = oppkome. Men fagfolka synest å semjast om at det mest truleg er namnet ølkone, som i norrønt vart brukt om ei kvinne som sel eller skjenkar øl, som har blitt direkte overførd til stader med særleg godt vatn.

Arnfred Slyngstad har i "Skjergardsnamn frå Sunnmøre" sagt at Ølkona i tillegg til å vere brukt om ei oppkome eller sikle med godt vatn i Grytafjorden også vert brukt om at eit langt, flatt skjer. På dette skjeret eller holmen, som somme kallar det fordi der veks litt gras, skal der vere ein figur som liknar på ei kvinne med eit staup – altså ei kone som serverer øl.

I Ørsta finn vi i tillegg til Ølkona også eit nærslekta namna – Øltynna. I Årdal i Sogn fortel Sigurd Dahl Midttun om namnet Gastgjevaren. Det er der brukt om ei oppkome ved vegen framom ein støyl. Også ein gastgjevar (gjestgjevar) hadde rett til å drive skjenkestove. Eit anna rosande namn som er mykje brukt om gode oppkomer i Sogn er elles Vinkjelda.