Trollet
Over heile Sunnmøre finn vi stadnamn med ordet troll
Over heile Sunnmøre finn vi stadnamn som inneheld ordet troll. Mange stader finn vi ordet brukt om store steinar anten i bunden form – Trollet – eller i samansetjingar som Trollsteinen. Likeeins er det mange Trollvatn og Trolldalar.
Fleire av desse namna er helst knytt til stader der folk ikkje finn det triveleg å opphalde seg.
Til mange av trollnamna er det knytt segner som skal forklare grunnen til namngjevinga. Det gjeld også for den ruvande steinen, Trollet, i Fløstranda i Ulstein.
Ifølgje Martin Bjørndal skulle stortrollet som heldt til der, ha byrja å hive kampesteinar etter St. Olav då denne var på kristningsferd langs kysten: "Men Olav berre rette opp sverdet med krosshandfanget og støypte trollet i stein. Og slik skal det stå å grine til dommedrag, seier folk. Opp over heng Trollhetta, skræmeleg trugande. Du veit ikkje kva tid ho ramlar."
Over heile Noreg finn vi liknande segner som fortel om St. Olav sin kamp med troll og andre vonde makter. Gerhard Schøning fortel ei tilsvarande historie om kong Olav den heilage som reiste opp Romsdalen for å kristne folket der. Trolla som budde i området, ville hindre han i å kome fram. Men Olav skapte dei om til stein. Det er desse steintrolla som i dag blir kalla Trolltindane. Her finn vi også Trollveggen og mange andre stadnamn med troll.
På mange måtar har St. Olav i segnene teke over guden Tor sin kamp mot vonde makter. Men når det gjeld segnene der St. Olav støyper om til stein dei som vil hindre utbreiinga av kristendomen, byggjer dei nok helst på hendinga i Bibelen der kona til Lot vart omgjord til ei saltstøtte fordi ho ikkje lydde Guds påbod.
Det er heller tvilsamt om St. Olav si omstøyping av stortrollet er den rette forklaringa på namngjevinga av denne store steinen i Fløstranda. Ei meir naturleg forklaring er at denne kjempesteinen låg meinsleg til på ei aude strekning. Han stengde for folk som skulle til og frå Flø.
Den første vegen som kom gjennom Fløstranda på 1860-talet, møtte også på Trollet. Men ein kom seg forbi på eit slags vis gjennom den steile Trollbakken. Men då bilane kom, var bakken i brattaste laget. Og skulle ein få bussruter til Flø måtte Trollbakken gjerast langt slakkare.
Som ein del av kommunalt naudsarbeid kring 1930 vart denne vegstubben forbetra. Dagløna for naudsarbeid var då kroner 3 for ein åtte timars dag. Men dei tildelte dagsverka var ikkje nok til å få den løysinga som fagfolka meinte var best. Då teikna folk frå Flø, mellom dei mange ungdomar, seg for ein tilsvarande dugnadsinnsats. Hausten 1931 vart delar av Trollet bortskote, og Trollbakken vart gjord langt slakkare enn han før hadde vore. Då arbeidet vart avslutta, hadde det gått med 90 dagsverk i form av naudsarbeid og 97 dagsverk i form av dugnadsinnsats frå folk på Flø.
Segna seier at då St. Olav siglde framom på "sæle kristenferda si", då tok stortrollet til å gryta kampesteinar etter han. Men Olav berre rett opp sverdet med krosshandfanget og støypte trollet i stein. Og slik skal det stå å grine til dommedrag, seier folk. Opp over heng Trollhetta, skræmeleg trugande. Du veit ikkje kva tid ho ramlar. (etter Martin Bjørndal).