Stromba
Ein steinrygg som avgrensar ei grunn fjøre, har fått namnet Stromba
Ord som ikkje lenger er i dagleg bruk, kan leve vidare i stadnamn. Det gjeld mellom anna for ordet stromb, som vi finn brukt om eit område på Gardshol i Ulstein. Sidan tydinga av ordet er ukjent for dei fleste av dagens brukarar, har det også blitt delte meiningar om kva for lokalitet som ber namnet – vika med makkefjøra eller steinryggen utanfor.
I Aasens ordbok finn vi ikkje oppslagsordet ei stromb. Seinare har ordet blitt registrert i arkivet til dagens Norsk Ordbok. Der får vi vite at i Gloppen i Nordfjord så brukte dei nemninga strombeled om ei grind som sjeldan vart brukt. Ledet var opplagd av lause strangar og vart også kalla eit stigled. Jarle Rotevatn har fortalt frå Volda at strombeledet var namnet på ei grind som tidlegare stod mellom utmarka og innmarka på Fremmerlidgarden.
I Bremanger kalla dei ein strombegard eit gjerde av ospestrangar som var kløyvde i to etter at dei hadde teke skavet av. Dei var feste til stolpane med vidje, seinare brukte dei navar og bora hol og setter naglar i.
Saxe Bjørkedal som også i dag brukar ordet stromb, har fortalt at i fleirtal heiter det strember på hans heimetrakter. Han meiner også at nemninga strombeled kjem av at det var laga på gamlemåten – av strember. Ein trong då berre øks, sag og navar for å lage eit led. Slike grinder fann ein som oftast i utmarka der ein lettvint kunne lage dei av material som var på staden.
Den vanlegaste tydinga av ordet stromb er lange tynne strangar. Ragnar Ørstavik fortel i boka "Perler frå heimegrender" at ordet stromb blir brukt om stenger som ein festa til sperrer på loftet og der ein hengde opp sengklede og andre bruksting. Han nemner også at stromb blir brukt om ein grov stokk som ein plasserer framom eit halmstål for å halde det på plass inne i løda.
På Gardshol i Ulstein finn vi Stromba som eit stadnamn. Det er i dag delte meiningar om kva namnet dekkjer. Somme på Gardshol brukar i dag Stromba om sandfjøra, dynga, som ligg innanfor steinrekkja som avgrensar eit grunt område. Desse nyttar namnet Ryggen om sjølve rekkja med stein. Andre kallar steinryggen for Stromba, og det er nok denne lokaliteten som namnet Stromba frå først av har vore nytta om. På same måten som ei stromb er ein grov stokk som held halmstålet på plass, held denne steinrekkja den innanforliggjande makkefjøra på plass mot den djupare Gardsholhylen utanfor.