Koparstad og Koparnes
Publisert 24. desember 2021
Kan desse namna fortelje om gamle handelsplassar?
Ei namnegruppe som har valda vanskar for namnegranskarane er gardsnamn som byrjar på kopar. I mange tilfelle er det uråd å bruke metallet kopar som forklaring – sjølv om namnet blir uttalt på same måten som metallet. Men den forklaringa som truleg er mest sannsynleg for Koparneset og Koparstad, er at namnet fortel om gammal handelsverksemd på desse stadene.
Eldste skriveforma vi kjenner for Koparneset i Vanylven er Coperness frå kring 1530. Ei anna gammal form er Kobberness (1603). Elles kan andre seinare skrivemåtar kan lett føre tanken inn på metallet kopar. Det gjeld også for dagens uttale: Koparneset. Denne uttalen er ifølgje Norske Gaardnavne heller ikkje til hinder for at førstelekken kan vise til norrønt kopperi, ein som lagar, dreiar koppar eller skåler.
Koparstad på Nerlandsøya har gamle skriveformer som Kobberstad (1603) og Koberstadt (1606). Men sjølv om desse skriftformene skulle tale like mykje for ei tolking i retning av metallet kopar, blir denne ikkje drøfta i Norske Gaardnavne, sidan ein der gjerne prøver å kople personnamn til gardsnamn med endinga stad. Dermed prøver ein å føre Koparstad attende til norrønt *Kopparastaðir, som skal vere "dannet af koppari m., en som forarbeider Trækopper, en Dreier, hvilket vistnok er et gammelt Ord, som meget sandsynlig kan være brugt som Persontilnavn."
Bror Åkerblom som har granska gardsnamn med kopar, kopper og liknande skriveformer i både Finland, Sverige og Noreg, startar med å vise til dei ulike forklaringane som har vore brukt om slike namn. Naturleg nok kan tilvisinga til metallet kopar vere den rette forklaringa i enkelte tilfelle, særleg på stader der ein har drive gruvedrift. I andre tilfelle kan det vere eit koparfarga steinslag som kan ha gjeve namn til berget, sjølv om det ikkje er "ekte" kopar. Åkerblom peikar også på forklaringa koppari, ein som lagar koppar og skåler av tre. I tillegg viser han til fleire yrke som kan vere aktuelle forklaringar. Der kan ha budd ein person som driv med kopping, årelating, eller at det har vore heimplassen til ein koparsmed.
Det mest kjende kopar-namnet her i landet er Kopervik, den lokale uttalen er Koparvik. Ei av forklaringane der har vore at namnet skriv seg frå eit skjer kalla Koparnaglen. Namnet Koparnaglen finn vi i kystområde både i Noreg og Sverige, mellom anna også ute i sjøen ved Røyrafjellet på Dimna. Særpreget til desse stadane er ofte ein rund hovudliknande formasjon med ein lægre utstikkar. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at ytst på Koparneset har vi ein slik avrunda formasjon.
Rundt om i Noreg har vi fleire gardsnamn som byrjar på kopar, men der det er vanskeleg å knyte namnet til metallet kopar. A. Kjær har i samband med det forsvunne namnet Koparwikinni (1340) i Drammen peikt på at det har vore drive trelasthandel der. Kjær seier under tvil at den eldste forma kan ha vore *Kauparvik, samansett "med kaupari m. der ligesom kaupi og kaupandi betyder Kjøber, og at Stedet har faaet sit Namn efter der dreven Trælasthandel." Det kan vidare nemnast at i lågtysk har ein kopere i tydinga kjøpar, avtakar. I nederlandsk har det forma kooper.
Etter å ha gått gjennom dei skandinaviske kopar-namna, er konklusjonen til Åkerblom følgjande: Mange kopar-namn ligg sentralt til ved farleier. Det er rimeleg å tenkje seg, ut frå språkleg påverknad frå lågtysk, at kopar-namn viser til møte- og byteplassar i tidlegare tider, der framande kjøpmenn kom i kontakt med lokale oppkjøparar.
Vi veit at utanlandske handelsmenn, særleg då frå Hansabyane, hadde ein omfattande kontakt med kyststroka i Skandinavia. Dermed kunne nordmennene ta opp lånord slik som ein gjer det i dag, særleg frå engelsk. Eller at kontakten førde til ei språkleg endring av dei norske formene. Dermed kan den rimelegaste språklege forklaringa på namna Koparneset og Koparstad vere at ein møttest her og dreiv handel.