Grøthornet
Hans Strøm trudde namnet hadde med graut å gjere, men det tyder stein
Eit svært vanleg fjellnamn på Søre Sunnmøre er Grøthornet. På Hareidlandet finns tre toppar med dette namnet.
Går du Ytredalen i Brandal og skal på Skolma, går råsa forbi Grøthornet. Her finn vi også Grøthornvatnet. Lenger sør på øya, mellom Hasundhornet og Garnestua, ligg nok eit fjell som blir kalla Grøthornet. Dette Grøthornet har av enkelte i seinare år blitt omdøypt til Flåna. Ordet flå vert brukt om ein avsats, ei lita flate i ei bergside, og viser også i dette tilfellet til ei hylle nede i fjellsida.
Det tredje Grøthornet finn du på Eiksundfjella. Det ligg eit stykke nedom toppen av Blåtinden, mot Klungsdalen. Attved dette hornet ligg også Grøthornhola.
Vender vi blikket vidare utover Søre Sunnmøre så vil ein venteleg finne namnet Grøthornet i alle dei andre kommunane. Og vil også støyte på fleire andre namn som har Grøt som førstelekk.
Ei forklaring som eg har fått på Grøthaugen, som ligg på Saunes i Ulstein, var at namnet måtte kome av at ein åt graut der når ein skulle ha seg mat i slåttetida.
Også andre har gått ut frå at grøt i desse stadnamna er det same som graut. Hans Strøm som var oppe på Hasundfjella i 1750-åra, brukar "Grout-Hornet, af Aarsag, at Solen om sommeren sees for Hasunds Beboere staaende lige derover, just på den Tid, da vore Bønder gemeenlig holde deres Grød-Maaltid, det er, Klokken 3 om Eftermiddagen".
Det vert fortalt om amtmann Thesen (fylkesmann 1840 – 1853) at han på sine reiser rundt om i fylket var svært interessert i namna på fjell. Ein gong han var i Ørskog hadde han spurt etter "Løberfjellet", eit namn som han truleg hadde lese seg til. Men ingen visste kvar det låg. Så kom han på at kanskje namnet hadde ein annan lokal uttale. Han prøvde seg med Laupar-fjellet. Då var det ikkje lenge før han fekk vite kvar Lauparen låg.
Noko seinare var Thesen i Botnen i Ulstein. Klok av skade tenkte han det var best å tillempe uttalen til det han rekna med måtte vere den lokale måten å seie Grøthornet på. Dermed spurde han etter Grauthornet. Det kan elles nemnast at Thesen også brukte namnet Grauthornet om dette fjellet i boka si «Beskrivelse af Romsdals Amt».
Frå Snorre kjenner vi namnet Håkon Grjotgardsson. Det er førstelekken i etternamnet hans, grjót (n), som tyder stein, som har vorte til våre dagars grøt. Ordet gryte har forresten same språklege opphav sidan slike først vart laga av stein.
Grøthornet blir såleis ein fjelltopp som merkjer seg ut med mykje stein. Og stadnamnet Grøtet, som vi også finn svært mange av, blir brukt om eit område prega av stein.