Dosteien

Segna seier at ei kjerring skulle ha døydd der

Illustrasjon frå «Dosteien»

Oppe på Gardsholbakken i Ulstein ligg ein stor stein som ein kallar Dosteinen.

Segna seier at ei kjerring frå Fjelle kom ut for uvêr på veg til Gardshol. Det sette inn med storm og snøkave. Ho kom seg fram til denne steinen, der ho søkte livd. Her fraus ho ihel.

Ut frå korleis vêret stundom kan vere oppe på fjellet, meinte Olav Hatlemark, som skreiv om denne segna, at ho fortel om ei reell hending. At kjerringa omkom her, skal også ha gjeve namnet Dosteinen. Førstelekken, do, skal vere fortidsform av å døy, som på sunnmørsk tidlegare vart bøygd å døy, døyr, do, dått. Jamfør her svensk som i dag har dog som fortidsform av same verbet.

At ei fortidsform av eit verb – do (døydde) – skulle vere førstelekken i dette namnet er lite truleg. I fall det er ei hending som er knytt til eit dødsfall som har gjeve namnet, kunne vi heller ha venta eit namn som til dømes Liksteinen. Det hadde også vore rimeleg om fornamnet til kjerringa var førstelekk som til dømes Dortesteinen i fall ho heitte Dorte.

Det var ikkje berre folk frå Fjelle som brukte stien forbi Dosteinen. Den tida ungdomane frå Vartdal hadde konfirmantførebuing på prestegarden i Dimnasund, gjekk ein av dei faste vegane som dei nytta forbi her. Det var først å ro over Vartdalsfjorden til Alme, der dei drog fram båten. Så gjekk turen over Alskleiva og Løseteidet og til Fjelle. Herifrå gjekk dei over eidet mellom Hasundhornet og Grøthornet og vidare til Gardshol. Der tok dei seg over sundet til Sundgot og vidare til prestegarden.

Men kanskje skal vi sjå om etter ei meir naturleg forklaring på namnet Dosteinen. Tidlegare spadde folk frå Gardshol torv i nærleiken av Dosteinen. Ein naturleg plass å søkje skjul, når ein hadde eit nødvendig ærend, var bak denne steinen. Det same behovet kunne også andre, som nytta denne vegen over fjellet, ha. På det snauvaksne området her er det ikkje andre stader der ein finn like godt skjul som bak Dosteinen. Førstelekken i namnet er då kanskje heller do, dass. Dosteinen har i så fall fått namnet sitt ut frå eit heilt vanleg gjeremål i staden for ei dramatisk hending, slik segna vil ha det til.