Ørnehus

Illustrasjon frå «Ørnehus»

Om vi i dag tek oss ein tur rundt om på øyane på søre Sunnmøre, vil vi finne mange små buer som er utplasserte av hjortejegerar.

På ein tilsvarande tur for hundre år sidan ville vi ikkje ha funne ei einaste hjortebu, men derimot ville vi ha kome frampå mange ørnehus. Byggverk som var sette opp for å fange eller skyte ørn.

Å fange rovfuglar er ein mange hundreårig tradisjon. I middelalderen var levande falkar og ørner ein viktig gåveartikkel mellom kongar og andre personar av høg rang. Ein måtte ha løyve for å drive falkefangst. Mange av dei som dreiv slik fangst her i Noreg, var utlendingar. Hollendarane var i ein lang periode eit viktig innslag i dette yrket som ofte gjekk i arv frå generasjon til generasjon. Stadnamn som Falkfangarhøgda finn vi fleire stader rundt om i landet, særleg i innlandet. Der vart bygd hytter og lagd ut åte for å fange levande rovfuglar.

Frå Lofoten kjenner vi til at ørnehus vart brukte til å fange levande ørn heilt fram til siste verdskrigen. Ved hjelp av åte som ein drog nærare og nærare til ørnehuset eller som vart lagd på taket av ørnehuset, kunne ein få ørna så nær at ho kunne fangast levande. Ein tilsvarande fangstmåte har også vore brukt på våre kantar. Frå Gursken blir det fortalt om utskiping av levande falkar og ørner samstundes med tømmer i hollendartida. Men i dei par siste hundreåra på Sunnmøre har nok ørnehusa mest vore gøymestader for dei som vil skyte ørna.

I dag finn vi mange restar etter tidlegare brukte ørnehus særleg på Runde, Nerlandsøya og Skorpa. Her kan vi kome frampå meir eller mindre intakte ringar av stein. Taka som var bygde av tre og torv er borte.

– Særleg frå første halvdelen av 1800-talet vart det meir og meir fokusert på kva slags dyr som var nyttige eller skadelege, gode eller dårlege. I tillegg til å skyte dyr og fuglar som ein såg på som uønska, la ein også ut giftig åte for å ta knekken på dei.

Ørna var lei til å ta nyfødde geitekje. Særleg på dei stadene der ein dreiv med geit, var det aktiv ørnejakt til etter siste verdskrigen. I september 1968 vart ørna totalfreda og dermed vart det slutt på den lovelege ørnejakta.

Ørna er ein seglflygar. Ho gjer seg nytte av stigande luftstraumar for å spare på kreftene. Ørna går ikkje ned kvar som helst. Ho går ned der ho kjem lett ned og ifrå. Det hjelper difor ikkje å leggje ut ei god åte, dersom ørna ikkje kjenner seg trygg på situasjonen.

Denne kunnskapen nytta også jegerane seg av. Dermed finn vi ørnehusa langs dei faste rutene som fuglen nyttar, og sidan ørna plar å gå ned på terrassar i terrenget der ho lett kan kome seg i lufta, blir også ørnehusa lagde på slike stader. Dei vart bygde for å gli godt inn i terrenget. Skothaldet bort til åta måtte gjerast så kort som mogleg for å spare på ammunisjonen, fortel Alv Ottar Folkestad.

I dag nyttar folk nemninga ørnehus om desse jaktstadene. Men sidan are (m) har vore ei sideform til ørn, og særleg brukt om havørn, finn vi på Sunnmøre mange stadnamn knytt til aren. I Ulstein finn vi stadnamnet Harehuset på Skeidsfjella. Det er nok ikkje haren som har bygd seg hus, men namnet er ei halvemålsform for arehus, ørnehus. Andre stader finn vi stadnamnet i den rette forma – Arehuset. Mange av stadnamna med (h)are- kan ut frå topografien knytast til are, ørn. Men stundom kan det vere vanskeleg å avgjere om eit stadnamn slik som (H)arhaugen, skriv seg frå ei halvemålsform, eller om namnet har are (ørn) eller hard (turr og steinut) som førstelekk.