Skorpa

Øynamnet Skorpa finn vi fleire stader langs kysten

Illustrasjon frå «Skorpa»

Vi har fleire øyar langs kysten som heiter Skorpa. I tillegg til Herøy finn vi namnet mellom anna i kommunane Flora, Hyllestad og Kristiansund. Lenger sør på Vestlandet blir øynamnet som oftast skrive Skorpo.

Den eldste skriveforma vi har av garden Skorpa i Herøy er «af Skorpo» i Aslak Bolts jordebok frå kring 1430. Seinare har vi hatt skriveformer som Skorpen. Det er også den vanlege skrivemåten av slektsnamnet. Gardsnamnet er samanfallande med øynamnet og blir uttala Skorpå. Ordet er det same som vi har i ei skorpe, til dømes ei brødskorpe. Øynamnet blir bøygd i dativ, og folk seier då Skorpinne.

I den svenske skjergarden finn vi fleire øyar som heiter Skarpö. Forklaringa som Svenskt ortnamnslexikon gir på desse øynamna og andre svenske namn med ordelementet skorp, høver også framifrå på dei norske øyane som heiter Skorpa/Skorpo, nemleg at det er stader med «hård, torr, ofruktbar» jordsmonn. Desse øyane er ofte høge og berglendte, og jordbruksareal er der heller lite av.

I tillegg til Skorpa finn vi på våre kantar fleire stadnamn med det tilsvarande adjektivet skarp, som også fortel oss om skrinn jord der det veks dårleg, særleg på grunn av jordsmonn og turke. Namnet Skarpeteigen finn vi fleire stader i landet. Det inneber som regel at der er mager og steinut jord. Det same er grunnlaget for Skarpeteigane på Flø og Skarpeidet på Hasundfjella.