Gråten

Gråten er eit namn vi finn over heile landet - og der er mange ulike forklaringar på namnet.

Illustrasjon frå «Gråten»

I Norske Gaardnavne kan vi lese at namna Gråten og Gråtane er mykje brukt om plassar og småbruk på Austlandet. Ein peikar her på at i Buskerud blir namnet brukt om ei eng som er vrang å slå, at der til dømes veks finntopp. I Numedal blir Gråten brukt om ei lågtliggjande eng, som om våren blir overfløymd av elvevatn. I ei slik eng legg det seg sand, som fører til at ljåen ikkje bit. Det vert elles peikt på at Gråten må reknast som eit nedsetjande namn på line med Pina, Plaga, Hungeren osv.

I Norske Gaardnavne blir det vidare sagt at namnet er heller sjeldan brukt på Vestlandet i og med ein berre kjende til Gråtane som namn på eit bruk på Ytre Hareid. Men ei vidare gransking ville nok ha synt at Gråten/Gråtane er mykje brukt på Sunnmøre. I Ulstein er til dømes Gråtane brukt om ytste bruket på Ytreflø, der snuplassen ligg.

I Mauseidvågen på Sula er Gråten ifølgje bygdeboka brukt om ein hardbeitt slåtteteig, der husbonden ein gong fann tenestjenta gråtande over det slitsame arbeidet.

På Stokke i Bondalen finn vi Gråtarmyra. Her blir namnet forklart ved at "det var slik "puskemark" her tidlegare, så det var noko begrædeleg å slå her."

I Barstadvika blir namnet Gråten brukt om eit utmarkstykke på Melbø. Det ligg mot Storelva som dannar grense mellom Romestrand og Melbø. Over Gråten går også Kvennhuselva. Det vert fortalt at vassfløe her ein gong førte til så dårleg avling at ein kunne setje seg på høystålet. Avlinga var såleis så lita at det var til å gråte over.

Ved mange gråt-namn blir det ved forklaringa lagd vekt på at der er våtlendt, at det er eit lågtliggjande område. Somme tider dersom området ligg i ei halling, har eg møtt forklaringa at der kan vere oppstikk, det piplar vatn opp frå bakken. Som oftast vil det då vere fleire stader det "gret".

No treng ikkje alle gråt-namn å ha same forklaringa. Men den oftast brukte går som regel ut på at det er ein plass der det er mykje arbeid for å få fram ei heller mager avling.