Veten

Håkon den gode er sagt å vere den som innførde veteordninga som skulle varsle om det var fiendar i landet.

Illustrasjon frå «Veten»

Ifølgje Snorre var det Håkon den gode, etter slaget mot Eirikssønene, som delte landet langs kysten i skipreider. Det vart også bestemt at det skulle byggast vetar på høge fjell slik at hærbodet, via tende vetar som låg i synsavstand frå kvarande, berre trong 7 dagar frå den synste veten til nørdst i Hålogaland.

Veter var bygde opp av ved, tømmerstokkar. Dei hadde kjegleform med eit holrom i midten, og stod ofte på eit fundament av stein med ein steinring rundt. Der kunne også bli sett opp eit lite vakthus i nærleiken.

På gammalnorsk var forma viti (m). I dag blir ordet skrive vete. Det språklege opphavet heng i hop med å vete, å ha kunnskap om. Det brennande bålet skulle vitne om ufred i landet.

Ein har gått ut frå at fjell som har vore kalla Veten, har hatt slike varslingsbål på toppen. På Hareidlandet ligg fjellet Veten ovanfor Midtflø. På Gurskøya finn vi Veten ovanfor Skredestranda og Veten ved Hidsegga. I Volda har vi Lidaveten på Berkneset og Veten ovanfor Kornberg.

Ifølgje usikker munnleg overlevering skal her ha vore langt fleire vetefjell på ytre Søre Sunnmøre. Ein har også meint at ordet varde, som viser til ei oppstabling av steinar, har trengt ut ordet vete. Då tydingane av desse orda byrja å falle i hop, skal det også ha vore brukt nemninga vedvarde for å skilje dei frå steinvardar.

Folk fortel at det skulle ha vore vetar på Nystøylhornet på Hakallestranda, Nonshornet på Kvamsøya, Leinehornet på Bølandet og Rinden på Sandsøya. På Runde er både Branden og Varden, som ligg kring 2 kilometer frå kvarandre, nemnde som vetefjell.

På Hareidlandet meiner ein også at der heilt fram til vår tid har vore spor etter ein vete på Melshornet. Likeeins skal det ha vore vete på Blåtinden. Andre igjen har skrive at der har vore vetar på Mosvarden og Sneldelidhornet. Ei kjelde nemner også Signalhornet som vetefjell. Ser ein på mengda av påståtte vetar på Hareidlandet og samanliknar det med andre nærliggjande område, synest dei å vere i meste laget. Berre på ytre delen av øya skal der vere 4 stykke. Ein bør nok i denne samanheng vere merksam på at ein stor steinvarde på ein topp i dag ikkje treng å vere nokon indikasjon på at der tidlegare har vore eit varslingsbål, vete, på toppen.