Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Gustav Osnes

Gustav Osnes (1881-1964) dreiv i sine yngre år som fotograf.

Ein eldre bror av Gustav, Nils Osnes (1865–1893), var også fotograf. Det vart Gustav som skulle føre vidare familietradisjonen. Som 16-åring vart han send i lære hos fotograf Paul Mork i Volda. Etter fullført læretid tok han over forretninga der og dreiv ho eit par år. Han flytte så tilbake til Ulsteinvik og tok med seg atelierbarakka dit. Barakka vart sett opp på Reiten. Her dreiv han som fotograf i 10-11 år.

Osnes tykte det var for lite å gjere. I tillegg var arbeidet for einsidig. Han slutta då som fotograf og hadde diverse jobbar før han starta med kolonialforretning i 1914. I 1924 byrja han så med bokhandel. I 1926 bygde han seg eige hus dit bokhandelen vart flytt. Den gamle barakka vart så seld til Brødrene Riise på Bigset.

Gustav tok venteleg over negativa etter broren Nils, som døydde ung. Dei eksisterande negativa låg utan omslag og registrering då Johan Ottesen overtok dei. Dermed kan enkelte negativ etter Gustav Osnes opphavleg ha tilhøyrt Nils.

Då Gustav slutta med atelieret sitt på Reiten, vart nokre kasser med plater plassert i løa på den nærliggjande Almegarden. Andre vart plasserte hos slektningar, mellom anna på heimegarden, Oshaugen. Mange av dei største platene vart vaska reine og brukt i vindauge. Desse samlingane har seinare vorte destruerte.

Ein del glasplater vart også plasserte på mørkeloftet i huset som Gustav bygde i 1926. Det var ingen ideell stad for lagring av fotografisk materiale. På det uisolerte mørkeloftet vart det steikande varmt om sommaren og iskaldt om vinteren. Kanskje også til tider fuktig. Svært mange av platene hadde gjennom åra klistra seg saman og elles fått store skader, noko som ein kan sjå på den variable kvaliteten på bileta som vert lagde ut på denne sida.

Sonen i huset, Per G. Osnes, tok over huset i Kyrkjegata etter at Gustav døydde. Sommaren 1975 lånte Johan Ottesen mange av platene som var på mørkeloftet og kopierte dei. I 1976 vart huset seld, og platene vart gitt til ein slektning, Henrik Osnes. Han overdrog dei så vidare til Johan Ottesen.

Kopieringa av platene er først og fremst gjort for å kunne gjenkjenne personane – ikkje for å lage det perfekte fotoet. Etter kopiering gjorde mor mi, Petra Ottesen, gjorde ein stor jobb med å identifisere personar på platene. Men framleis er der mange som ikkje er identifiserte av dei kring 2000 platene.

Med tid og stunder vil det bli lagt ut fleire foto frå samlinga etter Gustav Osnes. Det som blir presentert no er den første av fleire etappar.

Sjå også desse bøkene: