Fotokatalog

Bøker

Brukte bøker m.m.

Nettstaden er utvikla av
Kodet AS

Filmstjerner

Tidleg i 1950 byrja K. Harstad kunstforlag å produsere postkort av kjende filmstjerner. Utover på 1950-talet vart utvalet utvida. Det ser ut til at Harstad har kjøpt negativa frå USA. Deretter har han limt på kortnummer og logoen til filmselskapet som skodespelarane var knytte til.

Då produksjonen av desse korta tok slutt i 1957, var siste nummer i serien 119. Dei mest populære kort har blitt produserte i fleire og store opplag. Somme kom berre i eitt opplag, som var heller lite. Av ein eller annan grunn manglar negativ nummer 80, 81 og 82. Anten droppa Harstad å produsere desse planlagde nummera eller så er dei feilplasserte i arkivet. I tillegg er der også nokre negativ som ikkje er tillaga for produksjon.

Sjå oversikt Skjul oversikt

Sjå også desse bøkene: