Starten på "Vikebladet"
«Vikebladet» heldt dei fyste åra til i Fjærely-huset i Ulsteinvik sentrum. Utanfor lokala her ser me Johs. Thorkildson til høgre. I midten står huseigaren Carsten Ottesen. Personen til venstre er truleg Erling Bjørnsen som var medskipar av «Vikebladet».
Starten på «Vikebladet»
Avisa «Aarvak» kom ut i Ulsteinvik frå 1916 til 1920. Då vart trykkinga mellombels flytt ut or bygda, men avisa kom likevel ikkje tilbake. Hans B. Osnes, som også hadde vore engasjert i «Aarvak», var i slutten av 1920-åra redaktør i «Møre Tidend» i Ålesund. Han lovde å hjelpe til dersom nokon ville gå i gang med ei ny avis i Ulsteinvik.
Det var vanskelege tider for typografar. For Johs. Thorkildson, som hadde hatt jobb mange stader, var det freistande å satse på noko meir stabilt. Kameraten til Thorkildson, Erling Bjørnsen, var også interessert. Det enda med at karane gjekk i kompaniskap. Dei flytte til Ulsteinvik og leigde lokale til trykkeri med Carsten Ottesen i Fjærely-huset. Det fyrste nummeret av den nye avisa med namnet «Vikebladet» kom 21. januar 1929.
Samarbeidet mellom Thorkildson og Bjørnsen rakna etter kort tid. Thorkildson tok over som eineutgjevar i mai 1929. I 1930 vart 19-årige Sverre Ottesen tilsett som medarbeidar. Det vart såleis Johs. Thorkildson og Sverre Ottesen som skulle setje sitt preg på avisa i fleire tiår framover.
I 1935 kjøpte Thorkildson seg tomt i Vikemyra og bygde hus er. I 1936 vart verksemda flytt til dit.