Kva tid kom Sundveita?

Illustrasjon frå «Kva tid kom Sundveita?»

I dag ser me framleis veita som har vore graven mellom Sundgotane og Gardshol for at småbåtar kan kome seg fram ved lågvatn.

Kva tid kom Sundveita?

Sundet mellom Gardshol og Sundgotane fell turt ved fjøre sjø. I dag er det grave ei veite som gjer det mogleg å kome gjennom med ein småbåt til dei fleste tider. Veita har vore til stor hjelp for dei som skal med småbåt mellom indre og ytre delar av kommunen. Leia gjennom her er kortare og mindre vêrutsett enn å måtte reise utom Dimna.

Kva tid denne utdjupinga vart utført er uvisst. Kanskje kunne det vere i samband med opprettinga i 1804 av postruta gjekk frå Ålesund til søre Sunnmøre? Kanskje også før fordi ein passasje her var til stor lokal nytte.

I alle fall ville veita vere til stor gagn når posten skulle førast til Volda frå postopneriet den tida det låg på Skeide, Håkonsholmen og Ulsteinvik. Derimot slapp ein dette straumfulle farvatnet då vegen vart lengd til Gardshol og postopneriet vart flytt til Botnen. Frå lokalt hald har det også vore fremja ynske om ei større utdjuping av sundet mellom Hareidlandet og Dimna. Hamnekommisjonen som vart sett ned i 1877, var på besøk for å vurdere tiltak her. Dei presenterte saka slik: «Af Hensyn til saavel til Fiskeribedriften som til den almindelige Samfærdsel ønskedes Sundene oprenskede i saadan Grad, at de vare passable for mindre Baade ved almindeligt Lavvande. Oprensningen var af særlig Interesse for Beboerne paa begge Sider av Sundet frå Garnæs til Osnæs, hvorhos det forklaredes, at Sagen ogsaa havde sin Betydning for Søgningen til de i forskjellige Retningen liggende Dampskibsstoppesteder Leganger og Ulstensvik, hvilke Stoppesteder tilligge forskjellige Dampskibsruter.»

Kommisjomen konkluderte med at utdjuping måtte sjåast på som eit lokalt kommunikasjonstiltak som ikkje var av allmenn interesse. I fall det skulle gjennomførast, måtte lokalsamfunnet også yte eit stort bidrag. Dermed vart det ikkje gjort meir med denne saka.