Frå bygginga av Fløhamna 2

Illustrasjon frå «Frå bygginga av Fløhamna 2»

kommissionens formening fremstiller sig som den væsentligste mangel ved her omhandlede anlæg, og som måske kan befrygtes, især i begyndelsen, i nogen grad at ville vække betænkeligheder ved at benytte det iøvrigt gode havnebasin.»

Kommisjonen meinte vidare at desse manglane kunne rettast på ved innseglingsmerke. Kommisjonen sa elles at innløpa burde utdjupast, og at med tanke på kystfarten burde ein få ei ytterlegare oppreinsking av hamnebassenget og innløpet.

Reparasjonar og oppreinskingar

På bakgrunn av merknadane frå hamnekommisjonen la hamnedirektøren i 1878 fram ein plan for sprenging og opptaking av stein utanfor søre og nordre innløp, og utdjuping av søre innløpet til 3,15 meters djupn ved vanleg lavvatn, 31,5 meters breidd i ei lengd på 283 meter.

Etter at Stortinget hadde gitt si tilslutning, vart denne utdjupinga og oppreinskinga gjort i åra 1881, 1882 og 1883.

Ved synfaring i 1883 fann ein nokre mindre skader på moljane. Etterfylling av stein vart påbyrja same haust, men under stormvinteren 1883/84 fekk moljane ein del skadar. Reparasjonane vart utført i 1884 og 1885, og deretter vart anleggskontoen avslutta i 1886 med ei samla utgift på 379.914,48, dvs. kroner 83,52 under det opphavelege overslaget frå 14 år tidlegare.

Hindre væreigarsystem?

Vi ser av saksutgreiingane før bygginga av Fløhamna at ein rekna med at dette skulle bli ein «centralstation» for båtane i distriktet. Når det offentlege skaut inn pengar i dette store hamneanlegget ville ein unngå at fiskarane skulle bli underlagt væreigarar, slik ein hadde uheldige utslag av enkelte stader lenger nord.

Grunneigarane kring hamna måtte difor m.a. gje fylgjande fråsegn: «når havneanlægget er kommet i brugbar stand, at bortfæste tomter til fiskerstuer og fiskerboder for en rimelig indfæstning og afgift, der i tilfælde af at enighed ikke oppnåes, bestemmes af Ulfstens formandskab. Det er en selvfølge, at vi herved ikke indskrænkes i valget af de tomter som vi selv ønske at benytte. Forsåvidt formandskabet måtte finde sådant fornødent, kan det også opstille regler for regulering af bebyggelsen.

  1. at ingen eier, fæster eller leier af på vor grund opførte fiskerhuse eller fiskerboder retsgyldigen skal kunne forpligte sig til for flere år at levere sin fisk til bestemt handelsmand. Hertilsigtende bestemmelse bliver at indtage i hvert enkelt skjøde eller fæstebrev.»

Sprik mellom planar og realitetar!

I ettertid kan ein konstatere at Fløhamna ikkje fekk den plass ho var tenkt. Med betre og større båtar kunne ein ligge lenger borte frå fiskefeltet, og når motoren kom vart aksjonsradiusen auka. Det var ingen som snakka om hamn i Ulsteinvik då hamnekommisjonen var på vitjing i 1877, men derimot hadde det kome ønskje om hamn på Vattøya og Grasøya! Men desse krava fann ikkje hamnekommisjonen å ville gå inn for.

J. (J. = Johan Ottesen)