Frå bygginga av Fløhamna 1

Illustrasjon frå «Frå bygginga av Fløhamna 1»

Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit riv eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege hamna» lite brukeleg.

Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.

Synet til faginstansane

På bakgrunn av dette tilrådde oppsynssjef Dannevig i 1871 at ein skulle bygge hamn på Flø. Ved synfaring på staden i 1872 laga hamnedirektøren ei opploddingsskisse av hamna og rivet utanfor. Ut frå dette vart det utarbeidd ein plan for ein 415 meter lang molje, frå den nordlegaste del av bukta og over rivet. Det heile vart kostnadsrekna til kr. 380.000.

I oktober 1873 vart det under leiing av futen halde eit møte i Ålesund, der utsendingar frå dei fleste kommunestyra på Sunnmøre var til stades. Møtet tilrådde først og fremst hamn på Flø, på Godøya og på Vigra.

Futen fylgde stort sett denne tilrådinga i sitt brev til fylkesmannen. Når det galdt Flø sa han at denne staden låg så lagleg til at det ikkje var nødvendig å utdjupe fordelane med ei utbygging her. Futen fekk også henta inn ei fråsegn frå eigarane og brukarane av gardane ikring om å gje fri grunn og stein til anlegget, og han sa at det venteleg ikkje ville by på problem å få fri veg til byggearbeidet.

Oppsynssjefen for vårsildefisket, Gade, meinte også at Flø ville vere ein lagleg stad for ei større båt- og naudhamn. Men han syntest innseglinga kunne vere betre, men dette kunne ein rette på ved ein fyr på Grasøya og ein ved innløpet til hamna.

Etter at hamnedirektøren hadde fått inn tilrådingane frå distriktet her, gjekk han i brev av 11.12.1873 til departementet inn for å løyve pengar til bygging av hamn på Flø.

Flø – ein sentralstasjon?

Flø ville etter hans meining bli sentralstasjon for om lag 350 båtar som hadde tilhald ulike stader på Hareidlandet. Mange av desse, sa han, måtte ved storm røme heilt inn til Ålesund, og i slike tilfelle ville Flø bli ein mykje nytta tilfluktstad både for båtar som høyrde heime i distriktet og for dei som låg lenger nord. I og med at hamna låg attved leia, rekna han også med at andre båtar som for langs kysten ville nytta henne.

Innsiglingsdjupna syntest han var noko knapp, nemleg 2,2 meter ved vanleg lavvatn og 3,8 meter ved vanleg høgvatn, men rekna med at dette skulle dekke dei fleste behov. I fall ein trong ei djupare seglrenne, meinte han at dette ikkje ville koste særleg mykje.

Arbeidet blir sett igang

På bakgrunn av desse opplysningane gjekk departementet inn for å løyve pengar på budsjettet for 1874–75.

Næringskomiteen slutta seg til departementet si tilråding, og anlegget vart vedteke av Stortinget i 1874.

Arbeidet med moljane tok til i juni 1874, og vart avslutta i september 1880, med ei samla utgift på ca. 341.000, med andre ord ca. 40.000 under budsjettet. Denne innsparinga kom mykje av at ein ikkje fekk stormskade i anleggsperioden.

Hamnekommisjonen av 1877, som var på vitjing før anlegget var ferdig, seier mellom anna dette: «Det utførte arbeide fandtes i alle dele at være hensigtssvarende og solid.

Efter kommisjonens formening danner Flø havn, når den bliver fuldført efter planen, et tilstrækkelig rummeligt basin til benyttelse for fiskerne, og man troede ikke, at denne havn under almindelige omstendigheder vil være utsat for opgrunding, ligesom havnearealet kan i væsentlig grad udvides ved oprensing, efterhånden som dets tiltagende benyttelse måtte påkræve det. Som en fortsættelse af den kunstige beskyttelse går der mod syd et stenrev, som ved lavvande er tørt sågodtsom i dets hele udstrækning og som således vistnok kan siges at danne et naturligt værn for den sydlige del af havnen, medens det dog på den anden side i forbindelse med endel noget udenfor liggende grunde og skjær gjør farvandet urent og bidrager til at vanskeliggjøre indseilingen, hvilken omstændighed efter