Nederlandsk forlis i Ulstein
Annonse om auksjon over inventar og last tilhøyrande Geertruida Welman»
Nederlandsk forlis i Ulstein Ole Håkonsholm har tidfest strandinga på Osnessanden til kring 1850. I alle fall var det før 1862. Fagfolk som har granska vraket som ligg der, held det for rimeleg at båten har vore bygd i Nederland. Kan svaret på vrakgåta vere det nybygde nederlandske skipet som stranda i Ulstein 21. februar 1857?
Ingebrigt Frøystad fortel i dagboka si at i første delen av februar 1857 var det orkanaktig storm frå sør og sørvest. Han gjev ikkje opplysningar om kvar enkelt dag, men fortel at 22. februar var det sørvest storm og skya vêr. Det var i desse stormfulle februardagane at den fullasta «Geertruida Welman» var på veg langs kysten her.
«Geertruida Welman» var ei nybygd skute, bygd i 1856 av G.H. Holtman, Oude Pekela, Groningen i Nederland. Det var eit lasteskip med to mastrer. Eigar og skipper var J.H. Kruiter, Pekela, Groningen. Skonnerten var på 42,5 kommerse-lester og vart sjøsett i februar 1856.
- mars 1857 vart det halde auksjon over «Geertruida Welman» i huset til Elling Ellingsen Ulstein (Gåsneset). Auksjonen vart lagd hit fordi strandinga hadde hendt «udenfor dette Sted». Båten slik han låg, var taksert til 1000 spesidalarar. Etter bodrunder hadde kjøpmann Knud Olsen, på vegner av fleire, høgste bodet med 1735 spesidalarar.
Det var eit snautt skrog som Olsen kjøpte. Det aller meste av last, utstyr og inventar var berga i land tidlegare. Desse tinga vart lagt ut på auksjon 20. mars 1857 på Borgarøya. Her var det kring 170 utrop over det som var fjerna frå skuta. I tillegg til sildelasten auksjonerte ein bort segl, tauverk, anker, kjettingar og anna.
Auksjonsprotokollen fortel oss at lasten og mesteparten av utstyret vart selde til kjøpmenn, dei fleste frå Ålesund.
Hadde den nybygde båten fått så mange skadar under strandinga at den utanlandske eigaren ikkje såg seg syn med å berge og reparere han der og då? Dersom han la att båten for å kome attende seinare, kunne han risikere at mykje vart fjerna i mellomtida. Då var det betre å selje båt og utstyr med ein gong.
Ut frå versjonen om at det er ei nederlandsk skute som ligg på Osnessanden, kunne det vere freistande å tru at det var den ribba «Geertruida Welman» som vart lagd i Maravågen sørvest på Hatløya, og som dreiv av derifrå og opp på Osnessanden seinare.
Mykje tyder på at «Geertruida Welman» vart reparert straks etter auksjonen. Dei nye eigarane gav han namnet «Union». Som ålesundsbåt, med same tonnasje som «Geertruida Welman», gjekk han på sin fyrste utanlandstur allereie i mai 1857. Men det gjekk ikkje lenge før båten totalforliste. «Union» stranda ved Læsø natt til 20. november 1861 då han var på veg til København.