Skolmeklova
Det er fordjupinga som me ser hitom turdeltakarane på ei utflukt i 2006, som blir kalla Skolmeklova.
Skolmeklova Eit stykke innom fjellrøra mellom Kvitneset og Ytredalen i Brandal – eller meir presist: ovanfor Karlhaugen og Smottene – finn me ei djup og brei sprekke i fjellet. Ho vert av folk i Brandal kalla Skolmeklova. Sisteleddet er hokjønn – ei klove. Stundom vert namnet også skrive Skolmekloven. På Vartdalstranda vil dei som bur nærast det djupe hogget i fjellet der, seie Masdalkloven. Der er sisteleddet hankjønn – ein klove. Men sisteledda skildrar ulike formasjonar. Masdalkloven ser ein som eit vinkelforma hogg ned i fjellet. Skolmeklova er derimot ei langstrekt sprekke i terrenget.
Om og eventuelt kor mykje denne rivna har utvida seg med åra, har ein ikkje sikre data for. Lokalkjende folk som har fylgt med sprekka dei siste 50-åra, meiner at ho ikkje har blitt breiare. Men Johs. Rasmussen, som for vel 50 år sidan, skreiv om ålesundarane si redsle for ei flodbylgje frå Skolma, seier at «folk som bor på Brandal kan fortelle at sprekken stadig har utvidet seg så mens man før i tiden kunne hoppe over den, er den nå for tiden for bred til et slikt forsøk.»