Weldes mandolinorkester

Illustrasjon frå «Weldes mandolinorkester»

Weldes mandolinorkester under ei tilstelling på Ulstein samfunnshus kring 1965. Medlemene er frå venstre: Svanhild Røren, Eva Gjerde, Sølvi Mork, Eldbjørg Wigg, Ellen Moldskred, Gunfrid Brandal og Ingrid Røren. Bak står orkesterleiaren sjølv, Olaf Welde, som då nærma seg 80 år. (Foto: Rand. Ulfstein) Weldes mandolinorkester Olaf Welde (1887-1978) var i si tid ei drivkraft i musikklivet i Ulstein. Welde som var frå Namdalseid, fekk musikkutdanning i Trondheim. Han hadde vore yrkesmusikar før han kom til Ulstein under fyrste verdskrigen.

I Ulstein var han snikkar i sitt daglege yrke, men han la ned eit stort arbeid for musikklivet i kommunen. Han var mellom anna dirigent for musikklaget «Ulf» i eit par bolkar. Men helseomsyn gjorde at han ikkje kunne vere utøvande musikar slik han helst ynskte.

Interessa for musikk heldt seg langt opp i åra. Då han nådde pensjonsalderen, starta han Weldes mandolinorkester. Snikkaren Welde bygde mandolinane. Musikaren Welde sytte for arrangement og opplæring av jentene som vart med i orkesteret. Dei var stort sett frå grannelaget der Welde leigde hus ved Krushammaren. Kona til Welde, Gudrun, sydde trekk til mandolinane medan foreldra til orkestermedlemane sydde uniformene.

Øvingane til orkesteret var på Fredheim. Fyrste gongen dei opptrådde var på Sundgot bedehus. Elles var dei også med på barnetimar på Fredheim.

Orkesteret hadde ei levetid på rundt fire år. Medlemene byrja då å kome i ein alder der andre interesser fengde meir.