Trudvang er historie
Det var ikkje alle som såg med velvilje på at det frilynde ungdomslaget på Hareid i si tid bygde sitt eige forsamlingshus, «Trudvang». Tilnamnet «Fantehuset» fortel korleis motstandarane såg på det.
Huset vart teke i bruk i slutten av 1919 og innvigt året etter. I 1921 gjekk ei vekking over Hareid. Folka bak denne, som er sagt å vere dei fremste menn i bygda, ynskte å knekkje ungdomslaget og det nyreiste huset – i alle fall oppfatta husbyggjarane det slik. Eit partsinnlegg frå tida gjev oss eit innblikk i striden – sett frå ein som heldt med ungdomslaget:
«Her hev vore ei veldig «vekking» i vinter. Folk hev vorte spent, spike galne. Dei hev rasa med møte og festar i snart tre månader kvar einaste dag utan stans. Møte og festar. Veldig massesuggestion!
Det gjeld å tyna ungdomslaget og ungdomshuset. Det er fyremålet med alt uppstyret .. Og det skal vera visst at dei hev stræva trufast, til gullmedalje minst. Laget stend no endå likevel, og huset med, og det vert knapt i år dei fær den hugnaden å sjå det ramle. Endå dei meinte på at ungdomshuset skulde verta tomt på 14 dagar, då dei tok til med spetakkelet i vinter. Dei hev lova at dei ikkje gjev seg, fyrr laget er øydelagt. So vil dei yvertaka huset og bruka det i den rette «kristelege» ånd. Tvi vøre for ein kristendom! For ei kristeleg ånd! Plent den som inkvisitorane var uppglødde av. Farisearisme og magtsykja, svartsyn og trongsyn og vankunna og hysteri er det.
Der hev endå vore på tale om å kjøpa ungdomshuset av oss for på den måten å leggja seg i vegen for laget. Til det er elles berre å svara, at vil dei kjøpa, so skal me selja. Me skal i so fall vita å forlanga det huset hev kosta oss. Og når prisane gjeng ned, kan me nok venta eit års tid og so setja upp eit nytt hus mykje billegare. Me skal ikkje tapa på det. Fyrre sundag var gutane i ungdomslaget i bedehuset fyrst, gjekk so derifrå ned til ungdomshuset og hadde dans. Eg hev kje vore fyre denne dansen deira. Men den gongen var det ein høveleg demonstrasjon mot vitløysa på den andre sida.»
Ungdomslaget og huset kjempa seg gjennom «åndskampen». Den frilynde rørsla stod langt sterkare i Hareid enn i Ulstein. Samfunnshuset i Ulstein kom fyrst i 1960. Fram til då måtte ulsteiningane til Hareid om dei ville gå på kino eller offentleg dans.
Lokalet på Hareid vart med tida for lite og gammaldags. Det greidde ikkje lenger konkurransen med andre tilbod. Kinoen vart nedlagd. Kommunen overtok. Seinare vart huset ført over til nokre ungdomar. I 2021 vart det litt over hundre år gamle huset rive.